Piratpartiet vil stilla til val i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Piratpartiet satsar i Noreg

Laurdag held Piratpartiet Norge oppstartsmøte i Trondheim, melder Computerworld. På møtet kan folk koma med forslag til saker partiet bør ta opp i stortingsvalet.

Thomas Gramstad, leiar i Elektronisk Forpost Norge, seier til Computerworld at det har vore forsøk på å stabla eit piratparti på beina i Noreg tidlegare, noko som ikkje har lukkast fordi me har mangla ein samlande sak, der svenskane hadde Pirate Bay å sameinast om.

– Eg håpar sjølvsagt det lukkast denne gongen, og ønskjer dei lukke til, seier Gramstad.

LES OGSÅ: Piratpartia har stor suksess

Det svenske Piratpartiet fekk 2 av dei 20 svenske representantane i Europaparlamentet i 2009. I Tyskland har partiet fått mellom 7 og 9 prosent oppslutnad i fleire regionale val. På enkelte meiningsmålingar har Piratpartiet fått støtte frå halvpartien av alle tyskarar under 29 år. I mars i år var Piratpartiet det tredje største på ei tysk meiningsmåling.

Treng Noreg Piratpartiet?

Faktaboks

• Piratpartia støttar borgerrettar, direkte demokrati og deltaking, reform av opphavsrett og patentrett, gratis deling av kunnskap (Open Content), personvern, openheit, informasjonsfridom, gratis utdanning, universell helse og eit klårt skilje mellom kyrkje og stat.
• Det svenske Piratpartiet, som vart grunnlagt 1. januar 2006 under leiing av Rickard Falkvinge, var det første piratpartiet.
• Namnet til partiet kom frå frå Piratbyrån, ein organisasjon som jobba mot intellektuell eigedom. Medlemmer av Piratbyrån hadde tidlegare grunnlagt nettstaden The Pirate Bay. 

Gå til heimesidene til Piratpartiet i Noreg her!