Kjeft har negativ effekt på læring for alle

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjeft er alltid negativt

Kvifor er utskjelling av vanskelege elevar ikkje bra?

– Dei elevane som blir kjefta på kan ikkje konsentrere seg om undervising etterpå, fordi dei til dømes lurar på om læraren er sur enno, tør dei ikkje seie noko, og dei er bekymra for at læraren skal ringe heim. Når konsentrasjonen er låg, kan ikkje eleven halde tritt med det faglege og blir ofte endå meir uroleg. Så det skapar ein vond sirkel. Kjefting er òg skadeleg for dei sosiale liva til klassen, sidan det ser ut som om dei elevane som blir kjefta på ofte lét frustrasjonane sine gå utover dei andre elevane verbalt eller fysisk.

– I tillegg syner forsking at når læraren skjeller ut ein elev påverkar det mange av dei andre elevane negativt, sjølv om dei ikkje sjølv har vorte skjelt ut. Dei blir så redde for sinnet til læraren at dei til dømes ikkje tør å spørje om hjelp resten av timen om det er noko dei ikkje forstår. Dette er eit grunnlag for meir uro, fordi elevar som ikkje kan halde tritt med stoffet forstyrrar undervisinga fordi dei ikkje veit kva dei skal gjere, seier Louise Klinge Nilsen til Framtida.

Kva er alternativet til utskjelling, om elevar er bråkete og vanskelege i ein klasse?

– Det er mange alternativ. Til dømes å ignorere negativ åtferd og så huskar å setje pris på konstruktiv oppførsel. Elevane ynskjer at læraren skal leie klassen, dei ber berre om at læraren seier ting stille og roleg, og at dei hugsar å seie kva du skal gjere i staden. Dette tyder at læraren ikkje skal opptre påverka av kjenslene sine, men profesjonelt avgjere kva som er rett å gjere.

Klinge Nielsen legg og vekt på at det er viktig at læraren gjev korte og konsise meldingar utan altfor mange ord, og at dei brukar rørsler som følgjer orda dei brukar.

– I tillegg har det ei enormt mykje å seie at læraren tek ansvar for å skape eit positivt tilhøve til kvar elev gjennom respekt, tillit og glede. Mange elevar seier at når læraren er positiv – berre smiler – og rosar, får dei lyst til å engasjere seg i  undervisinga og gje noko godt att.

Eg la merke til at du kun sitérer femteklassingar i artikkelen. Er det grunn til å tru at resultata er dei same for andre alderstrinn, særleg med eldre elevar frå 8.klasse og oppover?

– Prosjektet er fokusert på elevar i femte og sjette klasse, men elevar frå andre alderstrinn er òg informantar. Og det er mange indikasjonar på at kjefting har same negative effekt på alle aldrar. Til dømes skreiv ei jente i åttande klasse om kva det tek å bli ein god lærar: "Ein lærar er god når han / ho kan handtere elevane, men det må vere mindre enn hyggelege omstendigheiter. Ein lærar kan sikkert få borna til å vere stille om dei berre har ei form for respekt for makt. Dette er ein ubehageleg måte, og du kjenner deg ukomfortabel. Dessutan tør ein ikkje seie meiningane sine eller svare på spurnader", avsluttar Nielsen.

Les òg: Skuleborn lærer mindre når læraren kjeftar

Intervju med Louise Klinge Nielsen på danske Lorry