– Syklistar har rett på vegbana

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sykkel er definert som køyretøy. Syklistar har lov å vera i vegbana. Trafikklova er klar på dette, seier Håkon Nesse, leiar i Sogn Cykleklub.

Klare reglar
Etter ulukka inne i Fatlatunnelen der ein bilist sneia ein syklist og han velta, har Nesse fått mange tilbakemeldingar. Bilistar klagar på køyringa til syklistane, medan syklistane fortvilar over bilistane som både legg seg tett opp til, og syklistar opplever bilistar pressar seg forbi sjølv om det kjem møtande trafikk.

– I beste fall kan bilisten berre sneia syklisten, men skrekken er at ein av oss skal koma ut for ei alvorleg ulukke. Som mjuke trafikantar er me utsette.

– Alle har tid til å tapa eitt minutt, men me har ikkje råd til å tapa eit liv, seier sykkelleiaren. Han oppmodar trafikantar å visa omsyn. Eit omsyn som går båe vegar. Me har òg reglar å halda oss til, seier Nesse. Han oppmodar endå fleire til å ta fram sykkelen; å sykla er både moro og gjev god trening.

Les òg: Ønskjer meir tryggleik for syklistane

Sykkelkultur
– Eg skulle ynskja nordmennene ser til Spania, Tyskland eller Frankrike. Det har dei ein heilt annan kultur og viser omsyn til syklistar, seier han.

– Sykkelvitreglane er viktige, og i klubben er me særs opptekne av å prenta inn i medlemene kor viktig det å sykla slik vegtrafikklova seier. Det er viktig for at det skal vera både sikkert og triveleg å sykla, seier Nesse.

På rekkje
Når syklistar er ute og trenar, har dei lov å køyra to i breidda, men som regel held dei seg på ei rekkje.

– Ikkje alle syklistar er medlemer i cyklekluben. Me håpar nye syklistar vert med i klubben. Då kan dei henta lærdom av røynde syklistar, seier Nesse.

Les òg: Fanga av Sogn

Gangfart
Cykleklubben har organisert trening fire gonger i veka; tysdag og torsdag om ettermiddagen, på laurdag og sundag syklar dei på langturar, langs med fjorden ut til Hella, eller dei syklar innover til Luster.

– Kvifor syklar de ikkje på gang- og sykkelvegar?

– Me har ikkje lov til å sykla der på grunn av farten me har. Dersom ein syklist syklar på gang- og sykkelvegen, så skal me sykla i tilnærma gangfart og me får vikeplikt for gåande, seier Nesse.

Les saka i Sogn Avis!

Faktaboks

Utdrag frå sykkelreglar frå Norges Cykleforbund

  • Ein sykkel er definert som køyretøy. Alle køyretøy, medrekna også syklar, skal bruka køyrebana i treningsføremål. Syklande kan også bruka høgre skulder på vegen, jfr. trafikkreglane § 4 og 5.
  • Trafikkreglane skal overhaldast, halda til høgre og vis omsyn til andre trafikantar. Gje tydeleg teikn om kvar de skal.
  • Forbikøyring skal utførast utan å valda fare, hindra eller unødig forstyrra den forbikøyrde
  • Er det mange på trening – del i fleire mindre felt på maksimalt 10–15 syklistar.
  • Sykling på gangsti og liknande skal gå føre seg i tilnærma gangfart, og syklisten har vikeplikt for dei gåande.
  • Bruk alltid hjelm og godkjent lys – kvitt framlys og raudt baklys ved sykling i mørket.
  • Ved punktering og andre uhell som fører til stogg, skal alle i gruppa trekkja heilt ut av vegbana.