Såg Venuspassasjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Litt før klokka 05.30 samla dei seg på grusbanen ved gymsalen for å sjå den historiske ferda til planeten Venus over morgonhimmelen, som kunne sjåast som ein liten prikk i morgonsola. Heile 105,5 år er det til planeten beveger seg mellom sola og jorda.

— Me har vore vitne til ei verdshending. Utruleg flott at me eit slikt klarvêr. Me har sett mykje på animasjonar av sola på førehand og vart litt overraska over at den ikkje var større, men me såg Venuspassasjen godt og tydeleg, fortel kontaktlærar Ger Elin L. Kringlebotten.

Heile klassa overnatta på skulen. Det var ikkje meir enn nokre få timar søvn i natt, frå rundt klokka 01.30 til 04. Då sola endeleg viste seg nede i Etne, bar det ut med spesialbrillene på og ei varm jakke/teppe rundt seg. Gradestokken viste berre to fattige gradar.

— Ungane hadde gledd seg mykje og var veldig spente på kva dei skulle få sjå. Veldig kjekt at dette vart så velykka, seier læraren. 

Prøv astronomiquizen vår!