Millionar av LinkedIn-passord på avvege

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionar av pass- ord på avvege

Over ein halv million nordmenn har profilar på nettverket som først og fremst brukast til å halde kontakt med jobb- og forretningssamband, melder NRK.

– Eg har snakka med fleire sikkerheitsekspertar som har funne desse passorda lekte på hackarsider og bloggar, seier seniorrådgivar Tone Bakås i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS). Ho kan ikkje bekrefte det eksakte talet, men stadfestar at det er snakk om fleire millionar passord.

Mange bruker Linkedln som eit jobbverktøy, og Bakås seier mange brukar same passord på det sosiale nettverket som dei gjer andre stader.

Linkedln er eitt av dei største nettsamfunna i verda, med over 70 millionar brukarar. (©NPK)