Skulegut fekk gyllen skulkemelding
Tyler Sullivan (11) skulka skulen for å få eit glimt av president Barack Obama. Måndag kom han på skulen med litt av ei melding i meldingsboka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gav gyllen skulkemelding
Det var fredag i førre veke at president Obama besøkte ein fabrikk i Golden Valley i Minnesota. Tyler Sullivan, som bur like ved, syntest besøket var så spennande at han skulka skulen og drog til fabrikken, der han håpa på å få eit glimt av presidenten.
Og det fekk han. Obama tok seg tid til å helse på elleveåringen, og spurde samtidig om ikkje han eigentleg skulle ha vore på skulen. Jo, vedgjekk Tyler og sa at han hadde skulka for å få møte presidenten.
Då bad presidenten om å få meldingsboka til Tyler, der han så skreiv denne meldinga til læraren til Tyler: «Ver god å tilgi Tyler. Han var saman med meg! Barack Obama».
Les andre utrulege historier her!
Sjå video om møtet her (på engelsk):