Første sommardagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årstidene i Norge er delt opp i haust som startar 1. september, vinter som startar 1. desember, vår som startar 1. mars og sommar som startar 1. juni. Eller?

Når juni kjem, er det endeleg sommar. Men kanskje ikkje alltid i fjellet. Fredag morgon låg det tjukt med snø i Hemsedal sentrum. Det var berre å finne fram støvlettar, boblejakke og lue att. Lite minner om sommar når du må koste lassevis av tung snø av bilen før du kan køyre på jobb. Alt omkring er kvitt. Berre ei aning av grønt skin igjennom.

Les andre utrulege historier her!

Ifølgje den gamle primstaven kom sommaren allereie 14. april, men den følgjer me ikkje lenger. 1. juni derimot trudde me i alle fall sommaren var på plass. Denne gongen ei. Kva blir det neste?

Les saka i Hallingdølen og sjå biletserie!