Studentopprøret i Canada: Forbyr demonstrasjonane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentopprøret i Canada

– Ein revolusjon er i emne, og det er ein ganske spent situasjon her no, seier den Montreal-baserte studenten Stephanie Nazywalskyj.

I februar i år foreslo den liberalistiske provinsregjeringa i den kanadiske provinsen Quebec å auke skulepengene for studentar som søkjer høgare utdanning med ikring  80 prosent. Forslaget fall naturleg nok i dårleg jord, og fleire studentorganisasjonar gjekk saman for ein streik utan grenser. Denne er no inne i sin fjerde månad.

Raud studentkamp
– Mange av byfolka har no raude typledd hengjande ut frå vindauga sine, og ein av tre du ser på gata har minst éit raudt rektangel på jakken eller bagen sin, seier kanadiske Nazywalskyj til Universitas.

Det raude rektangelet har vorte symbolet på kampen til studentane mot delstatspresident Jean Charest og dei regjerande partia. Sjølv er Nazywalskyj veldig engasjert i studentstreiken, og har trua på at studentane vil vinne kampen.

Feilslegne tiltak
Førre veke innførde regjeringa i Quebec «Bill 78» – ei lov som har som mål å sette grenser for offentlege forsamlingar i provinsen, i ein freistnad på å roe ned demonstrasjonane.

Denne har til no berre gjort vondt verre. Seinast måndag samla mellom 500 og 700 advokatar seg ute i gatene i Montreal for å demonstrere mot lova.

– Vi vil ikkje bryte lova, men vi vil utfordre ho, fortel ein av dei frammøtte advokatane til Montreal Gazette.

McGill-student Nazywalskyj er skuffa over at ho no bur i eit land ho meiner set grenser for grunnleggjande menneskerettar.

– Vi forstår at politiet er overarbeidd og slitne, men regjeringa har innført ein lov som går mot dei grunnleggjande menneskerettane våre. Kven hadde trudd at Canada kunne bli eit slikt land på nokre få år? spør ho.

Studentane kjempar i desse dagar altså både mot lova som set grenser for forsamlingsretten og forslaget om auke i skulepengar.

Usamd med opprørarane
Henry Milner, professor i statsvitskap ved Université dei Montréal, meiner studentane streikar og demonstrerer på falskt grunnlag.

– Objektivt sett har kampane i det heile lite å gjere med at berre dei rike kan gå på skule eller at gapet mellom rik og fattig blir større som følgje av skulepengeauka.

I Ontario, der skulepengene er langt høgare enn i Quebec, syner Milner til at 39 prosent av dei fattigaste i universitetsalder studerer, medan berre 18 prosent av quebecarane gjer det same. Han meiner at skulda ikkje bør dyttast på regjeringa.

– Røyndomen er at Quebec blir riven i filler, og blant aktørane er Charest-regjeringa den som har minst skuld. Meir skuld har studentane som organiserer gatemarsjar, men kan hende mest den politiske opinionen, som oppfordrar til studentopprør med ein baktanke om å velte Charest-regjeringa, seier Milner.

Trur på fredeleg løysing
Philip Resnick, professor i statsvitskap ved University of British Columbia, meiner årsaka til at Quebec-studentane no er så opprørde er at dei tilhøyrer ein europeisk tradisjon med lite skulepenger, og ikkje den amerikanske og øvrig canadiske.

– Streiken har vorte ein større kamp om prinsipp i forsvar for ein meir egalitær, sosial modell framfor ein meir marknadsstyrt ein. Dei fleste kampane har òg vore svært fredelege, og saka til studentane har fått breiare og breiare støtte dei seinaste vekene, fortel Resnick.

– Kva er status i dag?

– Det blir no lada opp mot ein ny runde med forhandlingar mellom regjeringa i Quebec og dei største studentorganisasjonane.

– Korleis ser du for deg at alt dette vil ende?

– Sannsynlegvis ved at regjeringa firar litt på krava og at studentane går med på ei lita auke i skolepenger. Skulle forhandlingane kollapse, blir det sannsynlegvis eit nytt val i Quebec til hausten, der skulepengespørsmålet vil vere ein sentral debatt.

Les saka i Universitas!

Faktaboks

Studentopptøyene i Quebec

Quebec er ein provins aust i Canada med ikring 8 millionar innbyggjarar.

Provinshovedstaden er Quebec city, medan Montreal er den største byen til provinsen.

Provinsen blir i dag styrt av Jean Charest frå partiet Parti libéral du Québec.

13. februar 2012 innleia nokre studentgrupper ein streik utan grenser for å syne motstand mot forslaget Charest kom med om å heve skulepengane på høgare utdanning med opp mot 80 prosent.

Studentstøtta auka, og i løpet av nokre veker tok studentane eit raudt rektangel som symbolet sitt. Dei byrja å aksjonere og demonstrere i gatene, blant anna ved å barrikadere bruer.

Tysdag 22. mai feira studentstreiken sin 100. dag i streik, skildra som den lengste samfunnsulydige handlinga i historia til Canada.

Same veke innførde Charest ei lov som er sett til å sette grenser for retten retten til å samlast – «Bill 78».