Suu Kyi til Oslo 15. juni

Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i år 21 år sidan opposisjonsleiaren i Myanmar fekk Nobels fredspris. Då sat ho i husarrest og kunne ikkje kome til Oslo for å ta imot prisen. Den britiske ektemannen hennar og dei to sønene deira tok imot prisen på vegner av henne.

Suu Kyi bekrefta i førre månad at ho kjem til Oslo, truleg i midten av juni. Ho har også sagt at ho ønskjer å reise til Bergen for å ta imot Raftoprisen, som ho fekk året før ho fekk fredsprisen.

Turen til Noreg er den første utanlandsreisa for Suu Kyi sidan 1988. Ho skal også til Storbritannia, der ho møtte ektemannen sin medan ho studerte, og til Sveits.

– Eg har alltid sagt at det første landet eg vil besøkje, er Noreg på grunn av alt dei gjorde for oss då vi gjekk gjennom vanskelege tider, har Suu Kyi tidlegare uttalt. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om Nobels fredspris?