Snakk med deg sjølv!

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan verke irrasjonelt å snakke med seg sjølv, men tidlegare forsking har synt at slik snakking kan hjelpe barn fokusere på og gjennomføre enkle handlingar som å knytte skolissene sine enklare. 

Ny forsking tyder på at dette òg kan hjelpe vaksne.

Gary Lupyan ved University of Wisconsin-Madison i USA leia eit eksperiment der testpersonane vart synt 20 bilete av ulike gjenstandar og deretter skulle leite etter spesifikke gjenstandar på lista. Halvparten av gongene vart deltakarane bede om fortelje seg sjølv høgt kva dei leita etter, resten av gongene vart dei bede om å vere stille. Når dei fortalde seg sjølv kva dei leita etter var resultatet utan unntak omlag 50-100 millisekund raskare.

– Det ein kan ta vidare frå dette er at språk ikkje er berre er eit kommunikasjonssystem, men det kan òg styrke oppfattingsevna, styrke tenkjingsprosessen, sa Lupyan til LiveScience

Les òg: Aktive tenåringar blir smartare og rikare

– Å snakke til seg sjølv er ikkje alltid til hjelp – om du ikkje veit korleis gjenstanden ser ut, vil det ikkje hjelpe deg å seie namnet høgt, det kan faktisk gjere deg tregare, men om du veit at bananar er gule og har ei spesifikk form, vil du aktivere visuelle område i hjernen som vil hjelpe deg å finne dei ved å seie ordet banan til deg sjølv.