Næringsdrivande brukar aktivt bloggarar til å marknadsføre produkta og tenestene sine, men det er ikkje alltid synleg sponsing.

mm

Blogg kan vere ein billig marknadsføringskanal for dei næringsdrivande, og den når ofte målgruppa på ein svært effektiv måte. Dette gjeld særleg marknadsføring av produkt og tenester retta mot unge jenter, kor mange bloggarar har stor påverkingskraft.

– Blogglesaren har krav på å vite kva som er reklame. Utfordringa er at mange av bloggarane er unge, og dermed ikkje har dei same føresetnadane til å forstå regelverket som dei vaksne har. Dette legg eit større ansvar på annonsørane som den profesjonelle part i å sørgje for at reglane om merking av reklame vert følgt ved at reklame tydeleg framstår som reklame, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Les òg: Hjartesmil

Gir lite informasjon til bloggarane
Forbrukarombodet kontakta eit utval annonsørar som nyttar blogg som marknadsføringskanal. Annonsørane vart bedt om å gi ei tilbakemelding på kva rutinar dei har når dei inngår samarbeid med bloggarar om marknadsføring.

Berre eit fåtal av annonsørane ombodet har vore i kontakt med informerer bloggarane om reglane om merking av reklame når dei inngår eit samarbeid. Ingen av annonsørane gir bloggarane noko form for rettleiing til korleis dei skal følgja regelverket.

På bakgrunn av tilbakemeldingane har dei no kontakta annonsørane og bedt dei om å endre rutinane sine.

– Annonsørane er ansvarlege for den ulovlege marknadsføringa på lik linje med bloggarane. Difor krev eg no at dei legg om rutinane sine slik at bloggarane dei inngår avtale med får informasjon om regelverket og rettleiing i korleis dei skal merke reklameinnlegga på bloggen, seier Nergård.

Les òg: Her er blogg-råda til årets nynorskbrukar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE