Den heimvendte pedagogen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor kom den Setesdals-busette og nyutdanna pedagogen Guri Romtveit, då 23 år gamal, over ei utlysing frå Tokke kommune. Dei søkte ny styrar i Høydalsmo barnehage. Fyrst tipsa ho systera, men då ho ikkje var interessert, tenkte Guri «eg kan no alltids søkje».

Like etter ringte dei frå Tokke kommune. Kunne ho koma på intervju så fort som råd? Ho reiste til Dalen på intervju ein torsdag. I løpet av helga rakk ho å få tilbod om jobben, takke ja til han, pakke saman det ho eigde, og flytte frå kjærasten og Setesdal. Sundag flytta ho inn på gjesterommet til onkelen sin i Åmot. Måndag møtte ho på jobb i Tokke.

– Det var unntakstilstand. Det var verken tid eller rom til å reflektere over den nye jobben, eller at eg hadde reist frå kjærasten min. Ting gjekk ikkje opp for meg før eg stod på Ikea mange veker seinare og skulle handle til det nye huset mitt. Det kom som eit sjokk månader etter, liksom, seier Guri.

No har ho busett seg i Rauland, der ho også budde som lita. Då Guri var åtte år gamal, flytta familien til Skoppum i Horten kommune, og ho har ikkje budd i Vest-Telemark sidan den gong. Ikkje før no.
Den aller fyrste tida etter at ho flytta tilbake, kjende ho seg rotlaus. Som om nokon hadde spent føtene under henne. No kjenner ho seg heime.

– Eg blei overraska over den sterke kjensla av å ha kome heim. Eg kjenner på ein harmoni – at eg har slått rot. Eg har vener, hus, familie, mine ting her, seier Guri, og er glad for valet ho tok.

Blei vist tillit

På arbeidsplassen blei ho også teken godt imot. Etter ein vanskeleg periode i barnehagen sleit kommunen med å få tilsett styrar, og gleda var stor då dei fann Guris søknad i postkassa. Tøff og kompetent, sosial og med meiningars mot. Akkurat det dei trengte.

– Eg blei teken godt imot og vist mykje tillit frå alle hald. Eg var jo heilt nyutdanna, og det var tøft av dei å satse slik på meg, seier Guri smålåtent.

Ho fekk mykje støtte både frå Hilde K. Berdalen i Dalen barnehage, fungerande oppvekstsjef Nils Gjerde og andre tilsette på kommunehuset. Ho fekk også dei ressursane ho trengte for å få barnehagedrifta til å gå på skinner.

Dei tilsette, barna, foreldra, kommunen og Guri sjølv er alle fornøgde. Ein stabil stab og eit godt foreldresamarbeid gjer at barna har eit svært godt tilbod i Høydalsmo barnehage. Guri har nyleg tilsett ein førskulelærar som er ferdigutdanna no i vår, og ei av dei som alt arbeider i barnehagen er under utdanning. Det blir stadig færre ledige plassar i barnehagen, og målet er å fylle alle plassane.

Les òg: Utkant-Noreg bør lære av Finnøy

Starta med bibelstudiar
Det var ganske tilfeldig at det blei pedagog av Guri. Med ei mor som er kreftsjukepleiar og ein far som er tråvtrenar, kjem ho altså ikkje frå nokon typisk lærarfamilie. Då ho flytta frå Vestfold, fall valet på studiar i religion, etikk og kristendom i Kristiansand. Men ho hadde nok sett for seg eit litt meir variert studium enn det ho kom til i sørlandsbyen.

– Det fyrste halve året sat me og streka med gul tusj i bibelen. Det gjorde ikkje faget interessant. Det var berre pugging av årstal, fakta, og kvar det og det verset høyrde heime – utan å diskutere innhaldet i det heile. Og det var ikkje akkurat for å pugge bibelvers eg ville ta eit slikt studium. Det blei for paurt, slår Guri fast på klingande raulandsk.

Ho hoppa av religionsstudiane etter eksamenane til jol, og starta å arbeide på Ica Maxi i staden. Så kom ho over ein restplass på bachelorstudiet i pedagogikk, og heiv seg på.

Det var rett for Guri – det kjende ho fort.

– Særleg dei delane av studiet som dreier seg om leiing og rettleiing gav meg mykje, seier ho.

Mange av eigenskapane ho har, passar godt i ei pedagogisk leiarstilling.

– Eg er ikkje akkurat konfliktsky, sjølv om det sjølvsagt er vondt å ta upopulære avgjerder. Eg let meg ikkje vippe av pinnen i ein vanskeleg situasjon, men eg brukar mykje tid på å tenkje på det i etterkant. Eg er nok ein ansvarleg person i den forstand at eg ikkje overser eit problem, seier Guri, og smiler lurt:

– Nils Gjerde kalla meg ein gong «jentungen som ikkje tek eit nei for eit nei». Det tek eg som eit kompliment.

Les òg: Knuser myten om heimatt-tenking

Likar vesttelekulturen

No har Guri altså slege rot. Mykje av identiteten hennar ligg i her i Vest-Telemark – humoren, dialekten, måten å vera på. Raulandsdialekten hennar er det ikkje noko å seie på, sjølv om ho slår om til «vestfoldsk» når ho er på dei trakter. Men ho synest rett og slett det er stas med vesttelar og kanskje særleg raulendingar.

– Dei slepper seg laus – på godt og vondt. Det er moro at ein i så stor grad har ein felles identitet. Eg treffer ein ny trimenning kvar helg, seier Guri fornøgd, før ho konkluderar:

– Eg angrar ikkje i det heile på at eg gjorde dette. Det er faktisk noko av det luraste eg har gjort på lenge.

Les saka i Vest-Telemark blad!