Mindre veg for pengane enn Sverige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mindre veg for pengane

I tillegg opnar Sverige 100 kilometer trefelts veg med midtrekkverk i år, og Noreg berre 17, skriv Aftenposten.

– Vi byggjer på ein måte som gjev lite veg for pengane, seier Knut Selberg, tidlegare professor i faget «Veg og trafikkmiljø» ved Noregs teknisk– naturvitskapelege universitet (NTNU) i Trondheim.

Han strekar under at spørsmålet er samansett, og at Noreg i enkelte delar av landet har ekstra kostnader ved bygging av tunnelar og liknande. Likevel, understrekar han, er det store område som kan samanliknast med Sverige.

Andre nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), seier samferdselsministeren straks bør reisa til Sverige for å læra.

– Det er eigentleg heilt utruleg, seier han om skilnaden på kor mykje veg Noreg og Sverige får for pengane.

Statssekretær Lars Erik Barnes (Sp) seier på vegner av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) at talane ikkje reflekterer den reelle utviklinga, og at det er mykje dyrare å byggja vegar i Noreg enn i Sverige.

– I Noreg har vi i perioden 2005– 2011 opna like mykje motorveg som i Sverige. Det er ingen grunn til å påstå at svenskane får meir veg for pengane enn Noreg, seier han til NTB. (©NPK)

(©NPK)