Laga app mot eksamensangst

Ingeniørstudent har utvikla ein hypnoseapp å hjelpe medstudentar med å få kontroll med eksamensangst. 

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 06.06.2017 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hypnose via mobilen

I Danmark, som i Noreg, bruker elevar og studentar oftare og oftare ulike medisinar og rusmiddel før eksamen. Dei gjer dette fordi nervøsitet blir ein stressande angst som virkar lammande på prestasjonane.

– Eg har opplevd eksamensangst hos fleire av klassekameratane mine. Dei kan føle seg dårlege i fleire veker før ein eksamen med markante symptom som konsentrasjonsvanskar, hjartebank og sveitte, seier Thomas Kallhøj Clemensen, ingeniørstudent ved Aarhus Universitet i ei pressemelding frå universitetet.

Han har, i samarbeid med ein privatpraktiserande psykiatar, utvikla ein applikasjon for smarttelefonar med fire ulike hypnoseøkter som skal overvinne frykta for eksamen.

Hypnose kan erstatte medisin

Medisin reduserer dei fysiske symptoma på eksamensangst som hjartebank og skjelving på handa. Hypnose verkar ved å endre tankemønster, og det er ei svært undervurdert form for handsaming, seier Leif Sørensen Vedel, som er privatpraktiserande psykiater i Kognitivklinikken i Aarhus.

– Hypnose er eit enkelt og særs effektivt verkty for å administrere eksamensangst. I mange tilfelle kan det heilt erstatte medisinsk handsaming.

Leif Sørensen Vedel har handsama handsaming av eksamensangst i meir enn ti år og står bak innspelinga av lydfiler med hypnoseøktar til app`en.

Mobil som hypnotisør
Ein av hypnosane i mobilapplikasjonen kan bidra til å dempe angst ved skriftleg eksamen, ein annan på munnleg eksamen, og dei siste to hypnosane kan hjelpe studentane til å sove og slappe av i musklane i kroppen.

SJÅ ANDRE TIPS TIL EKSAMEN HER!

– Eksamensangst kan vere svært belastande for den einskilde og lamme ytingsevna. Hjernen fokuserer merksemda si på kva du er redd for og ikkje på ressursane dine. Det er ei form for negativ sjølv-trance der du gløymer alt anna. Hypnose kan forhindre dette og gjere den einskilde i stand til å kontrollere tankane sine og merksemda si og levere ei betre yting, seier Vedel.

Fordelane med å bruke mobiltelefonar til hypnose er at det kan brukast kvar som helst og når som helst når det er behov – både i perioden før eksamen og like før.

– Angst kan veikja førebuingsarbeidet opp mot ein eksamen. Det kan vere vanskeleg å strukturere lesinga si og prioritere pensum. Og så er det sjølve eksamenssituasjonen der nokon følar at frykt gjev dei ei total blokkering, sjølv om dei ofte er førebudd til fingertuppane, seier Thomas K. Clemensen.

Han har fått innsikt i dei kognitive mekanismane bak frykta for eksamenar gjennom intervju med både kundar og psykologar.

Når psykologi møter teknisk IT

Utviklinga av sjølve programmet har vore ei relativt enkel teknisk oppgåve, seier Clemensen. Den store tekniske utfordringa, derimot, var å skape ei plattform som fungerer optimalt til hypnose.

– Det har verkeleg vore vanskeleg å knyte den tekniske kjerna om programmering med kunnskap om psykologi og design av brukargrensesnitt og navigasjon, avsluttar Clemensen.

Brukargrensesnittet av programmet omfattar eit ankerbilete av gras som sakte fyller ut skjermen i takt med at hypnosen utviklar seg. Det hjelp med å fokusere på biletet og minimere andre sanseinntrykk.

App`en er allereie kort tid etter lansering ein hit med meir enn 1000 nedlastingar.

Last ned app her. OBS: Danskspråkleg