Linda Eide fekk gullpris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det var under det TV2-sendte Gullruten-programmet i Grieghallen prisutdelinga vart gjort laurdag kveld.

Linda vart fort kjend då ho i beste sendetid laurdgane baud på seg sjølv i programserien "Norsk atraksjon" . Ho bada i olje og testa mellom anna ut si eiga form ved å sjå kor langt ho greidde springa på eit døger. Ruta frå Fresvik i Sogn og til Voss var 12 mil og Linda greidde springa heile vegen.

Den populære vossingen og programmet " Norsk atraksjon" samla over ein million sjåarar då ho på laurdagskveldane i vinter synte og forklarte det norske folk om bortgøymde og spesielle attraksjonar på sin særeigne, men gode måte.

Tredje og siste
Tre sesongar «Norsk attraksjon» med 25 program med tilsaman 130 attraksjonar har det vorte.

– No får det halda. Men sjølvsagt vert me smigra når folk ber oss om meir, sa ho til NRK Hordaland framfor siste programmet i februar.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Sjå andre vinnarar her!