Gale nordmenn rusa på sveittelukt i ein vill kjøpemani

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gale nordmenn rusa på sveittelukt

Du veit den kjensla der du nett har kome inn døra og er heilt utmatta? Drassande på ein bråte med handlenett med fleire liter med sveitte i kleda, eit hovud som har gått gjennom ein hard runde med Mike Tyson og ein bankkonto som har hoppa langt over på feil side av den raude streken. Føtene er fulle av verkande og pulserande gnagsår og hendene er eldraude etter alt for tunge posar. Kjøpesenteret er ikkje ein plass for kos og hygge. Tvert om – det er eit mekka for stress, irritasjon og pengekasting. Men det gjer absolutt ingenting, for det er nemleg sal!

Har du merka at kvar gong du går inn på eit kjøpesenter vert du overrumpla av ein intens varme? Ein så intens varme som slår deg i trynet og får deg til å sveitta meir enn herrelandslaget under ein viktig landslagskamp? Kanskje det er folka bak kjøpesentera som ynskjer at varmen skal gå oss gjennomsnittlege menneske i hovudet og gjera oss varme i toppen? At den varmen skubbar oss inn i ein vill kjøpemani og det einaste ein klarar å tenkje over er at det er mykje gode sal i butikkane.

Sjølvsagt har du bruk for ein visp med neonlys og eit toalett som vaskar deg skånsamt i rektum. Men ville me eigentleg kjøpt desse tinga viss me hadde hatt hovudet på plass, og ikkje var under press av ein intens og varm kjøpetrong? Sjølvsagt ikkje, men det einaste hovudet klarar å resonnera seg rundt er at det er sal!

Verst er det sjølvsagt om vinteren når alle nordmenn med vett i hovudet kler godt på seg. Når kulda riv i den snørrete nasen og set halvvarige mèn i nasegongen, er det viktig med ikkje berre eitt lag ull, men kanskje to eller tre. Og helst vanlege klede oppå der igjen, saman med ein tjukk boblejakke, svært skjerf pakka rundt på hals og andlet og ei alt for stor huva. Då kan du vel berre mimra tilbake korleis det var for deg i vinter? Du hugsar vel at det vert eit helvete utan like, og sveitten renn verre enn Niagra Falls og treng gjennom alle dei utallige laga med ull, lagar sveitteelvar nedover dei vanlege kleda og set ein ubehageleg odør både etter deg og resten av butikkane du besøkjer. Kjøpesenteret vil til slutt vera fylt med ei trong sveitteluft som tilslutt vil kvela deg. Kanskje det er det kjøpmennene på kjøpesentera tener så mykje pengar på rundt juletider? At varmen og sveittelukta vil senda alle og ein kvar inn i denne ville og uhemma kjøpemanien. Sakte men sikkert.

Sjølv om det er mange som føler at dette med «shopping», eller handling er eit makkverk utan like – at det er som eit lite helvete bak lukka portar, utan nødutgangar eller luftehol, så er det også mange som også elskar det. Mange kallar det nemleg for ein sport. Ja, så klart er det ein sport! Ein må tilpassa seg eit nytt miljø med eit eige klima (forbanna varmt klima spør du meg), halda eit høgt og urytmisk tempo, samtidig som ein skal sjå fantastisk flott ut og småspringa rundt på høge hælar. Korleis vil dette eigentleg det sjå ut i vintertida? Skal ein då sjå ut som ein kvalross beståande av ull i staden for feitt, med piggar under dei høghæla Jeffrey Campbell-skoa? Springa rundt som ein hovudlaus kylling? Men speler det eigentleg noko rolle, sidan det er viktigare å nytta seg av alle dei gode sala?

Kanskje ein kyrkjekonstruktør hadde blitt både grøn og gul i ansiktet av å sjå kor flott alle kjøpesentera har blitt bygd opp. Når ein kjem inn i desse «katedralane» så blir ein ofte slått av ei kjensle av storslagenheit og eit kan godt forstå at handling fyllar ein funksjon som nærmar seg fort religionsdyrking. Fontena i midten av kjøpesenteret er alteret, i fontena ligg kollekten og på Narvesen finn ein altervinen. Det vert spelt musikk for ein kvar smak i dei ulike butikkane, og ekspeditørane verdset kundane sine som om dei var Gud sjølv. Er det rart at nokre meiner dei bur og tilbring meir tid på kjøpesenteret enn heime hos dei sjølve? På kjøpesenteret har ein nemleg alt ein treng – mat, drikke, klede, hygieneprodukt. Og ein religion. Kanskje det er det nye Noreg burde koma med? Eit leiligheitskompleks inne i eit kjøpesenter? Sal døgnet rundt! Overalt.

Ein vanleg tanke som alltid ligg og murrar i hovudet på oss vanlege menneske på kjøpesenter, er at handling i seg sjølv er som å gå på kol. Å gå i fleire timar på hardt golv er eit av dei verste opplevingane på eit kjøpesenter, og ein av dei vanlegaste yrkesskadane for «profesjonelle shopparar» er gnagsår. Ikkje gnagsår som svir litt på hælen, men gnagsår som et seg innover huda som ein orm. «Gnagsårpius ormicus» – gnagsår på fleire lemmar, ofte heildekkande over eit større hudområde. På føtene får ein hudetande sår som følgje av små, ubehagelege sko og overdriven springing på hardt golv. Hendene får store væskefylte blemmer grunna overdrive mange tunge posar. Det er jo sjølvsagt umogeleg å setja frå seg posane ein plass i løpet a handleturen, for bilen står som regel parkert i fleire kilometers radius vekke frå sjølve senteret. Du kjenner deg igjen, ja? Tenkte meg det. Då vert det også heilt naturleg for meg å tenkja at kjøpesentra «stel» den tida me brukar ute i frisk luft, og dette har medført til ein dominoeffekt at delen av sunne og psykisk friske individ i samfunnet har blitt kraftig forminska. Legg skulda på salet, du.

Etter å ha brukt fleire timar inne i eit trongt, men likevel kjempestort hus, er som regel eg og mange andre så slitne at me rett og slett ikkje orkar meir av dagen. Eg ville ikkje ein gong ha unna min verste fiende ein dag eller to konstant på eit kjøpesenter. Eg får nok etter ein halvtime. Maks. I tillegg brukar me nordmenn like mykje pengar som brutto nasjonalpunktet til ein liten stat i Afrika når me handlar. Når me går ut igjen av kjøpesenteret er me utsveitta, irriterte, blakke og ikkje minst utslitne. Men dei fleste er nøgde, fordi dei tenkjer at dei har gjort mange gode kjøp den dagen. Vel, det vert i alle fall eit liv i fred heilt til ein anten sjekkar kontoen eller får kontoutskrift tilsendt i posten. Då bryt helvetet laus, akkurat som kjøpesenteret har kome på besøk hjå deg i heimen din. Me får skulda på salet. Det gjer oss gale. Gale nordmenn rusa på sveittelukt i ein vill kjøpemani.

Les saka i Magasinett!