Foreldre brukar 30.000 kroner på konfirmasjon
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brukar 30.000 på konfirmasjon
I undersøkinga som Ipsos MMI har gjennomført for DNB, seier 92 prosent av konfirmantforeldra at dei skal feire konfirmasjon, 67 prosent i kyrkja og 25 prosent borgarleg. I snitt skal dei ha 32 gjester, og 34 prosent skal ha selskapet heime. Nesten halvparten, 48 prosent, leiger lokale, 12 prosent feirar dagen på restaurant eller hotell og 7 prosent andre stader.
Foreldra brukar i snitt 9.520 kroner på gåve til konfirmanten. Dei kjøper kle og sko for 2.660 kroner dersom det er gut, eller for 14.200 kroner dersom det er jente, brukar 9.400 kroner på mat og drikke og 1.990 kroner på leige av lokale.
Ifølgje foreldra står pengar på toppen av ønskjelista til konfirmantane. PC kjem som nummer to framfor smykke, mobil og kamerautstyr. (©NPK