Overnattingsstaden har flott utsikt, nydeleg turterreng rett utanfor døra og er lett å utvide til eit par sengeplassar til. Her er og nesten innlagt vatn.

Line Sandvik/Hallingdølen
Line Sandvik/Hallingdølen

På finn.no fann me dette flotte overnattingstilbodet i fjellheimen. Umøblert, men med ein flott solterrasse utanfor. Her er det lov med både husdyr og medbrakt mat. Ein treng ikkje uroe seg for å forstyrre naboane – og heller ikkje treng ein vere redd for å få forstyrrande telefonar. Her er til og med ein rennande bekk rett utanfor – om det ikkje er for kaldt. Ein kan seie at det nesten er innlagt vatn.

Einaste ulempa er at jo betre vêr det er – jo meir vedlikehald trengst. Difor er det nok korttidsleige som blir mest aktuelt.

Austvendt skavl
Det er ålingen Magne Seierslund som er byggherre. Psykologistudenten oppheld seg for tida på studiar i Bergen, men påska feira han på familiehytta ved Reinunga haldeplass, ved Flåmsbana. Ein årviss tradisjon. Han grev snøhole ein stad ute i terrenget og ligg eit par-tre dagar i den i løpet av påskeferien. Gjerne på forskjellige stader kvart år. I år tok han derimot ein ny vri. Den Norske Turistforening meinte på ut.no at det var leikande lett å bygge ei kantgrop i staden for snøhole.

Først lest, så gjort. Magne tok med seg nødvendig utstyr, deriblant ei sag, og la i veg for å finne den austvende skavlen der han grov seg ei snøhole i fjor. Og han gjorde seg flid. Han trur kanskje han hadde klart å lage kantgropa på ein time, men Magne brukte fem. Det vart ei riktig luksushole.

– Eg grov sikkert meir enn eg trong. Eg laga luksusutgåva. Men det var nok også litt greitt. Eg høyrde at det var nærmast minus 18 grader eine natta eg låg ute, fortel Magne. Ei snøhole held lenger enn ei kantgrop, meiner han.

– Snøholer ligg djupare og held seg gjerne fine til langt ut i mai, fortel han. Men det positive med kantgropa, er at det er ståhøgd i nesten heile kåken, seier han. I tillegg er den flott. Med sirleg saga snøblokker.

– Snøen var steinhard. Så eg måtte sage. Det var som å sage i plank, fortel han.

Kan lett vidast ut

– Her er plass til ein eller to personar, men med enkle grep kan den vidast ut med sengeplassar til tre eller fire, seier Magne. Herlegheita ligg i ein austvendt skavl ved foten av Husdalsnosi, yttarst i Fretheimsdalen. «Perfekt rekreasjonsbustad», skriv Magne på annonsen på finn.no. Pent brukt og høgt verdsett, lun og romsleg snøhole/kantgrop. Solrik terrasse med «uovertruffen utsikt». Hen legg til at effektive snøfokk-vern held inngangen tilnærma snøfri ved uvêr. Og staden er svært brannsikker! Men mildvêr vil nok kunne medføre tiltakande behov for vedlikehald.

Magne er godt kjend i området og legg til at her er fantastiske turområde rett utanfor døra, med somme stader dramatisk terreng. Ein må vere varsam.

– Har du fått mange meldingar om leige av snøhola?

– Mange, ler Magne. Dei fleste har skjønt at det ikkje er ein heilt «ekte» annonse. Men i ein kontakt på engelsk var det spørsmål om leige mellom juni og juli.

Magne syntest han berre måtte dele dei flotte bileta han tok av staden. Og kanskje kan dei inspirere nokon til å gjere det same.

– Ein kan kanskje reise kollektivt opp til snøhola di?

– Tja. Men det blir ei mil å gå frå haldeplassen, så det er nok ikkje å anbefale, smiler Magne. I annonsen skriv han at leige skal betalast i resepsjonen på Vatnahalsen hotell – eller førast på kontoen for gode intensjonar. Sjekk ut FINN-kode: 34222727.

Stor rekreasjon
Rekreasjonsbustaden har det meste ein treng, om enn i noko enkelt format. Ein kan lett lage seg eit utetoalett, ein bar eller noko anna ein tykkjer manglar.

– Du får det du grev, seier Magne. Far hans har alt prøvd ut kantgropa som ligg langt utanfor allfarveg.

– Det går ingen merka løyper der. Berre bratte fjellsider. Hyttefolket omkring synest vel eg er spenna galen, seier Magne. Men rekreasjonen er ubetaleleg, ifølgje ålingen.

– Korleis får du tida til å gå i snøhola?

– Det er slett ikkje vanskeleg. Ein må passe på å få tørka klede i sola, gå på tur, alle desse praktiske tinga som tek litt lengre tid. Men de skulle berre visst kor herleg det er å sitje om kvelden og sjå stearinlyset brenne og kanskje spikke på ein pinne. Særleg om ein går ut ein tur i 18 minus. Då er det godt å kome inn att til eit par plussgrader, fortel Magne. Til dagleg driv han med mykje som har med folk å gjere. Han studerer og driv eit lite selskap med kurs og foredrag.

– Eg har mange ballar i lufta. Då er det godt å ha dette «vassholet». Ein tenkjer kloke tankar i snøholer. Ein blir rett og slett eit nytt og betre menneske, fortel Magne Seierslund.

Les saka og sjå videoar på hallingdolen.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE