– Løland løftar barnelitteraturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det oppsummerer dagleg leiar Marny Skeie Henkel etter at den femårige markeringa no er over.

– Mange har trudd at Rasmus Løland-markeringa skulle vera ei markering og ei feiring av forfattaren Rasmus Løland. Det er heilt feil. Tanken har vore å bruka Løland som ein grunnmur. Han blir rekna som grunnleggjaren av nynorsk barnelitteratur og den første forfattaren som tok barn og unge på alvor. Målet har vore å bruka han som eit grunnlag til å fokusera på nynorsk litteratur og kultur for barn og unge. Det føler eg vi har klart, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Det er ho ikkje åleine om å meina. Også den uavhengige sluttrapporten slår fast at markeringa har lukkast med denne målsetjinga.

– Løland-stiftinga har ikkje berre kasta glans over forfattaren og samfunnsbyggjaren Løland i fem år. Dei har famna vidare og løfta den nynorske barnelitteraturen og barnekulturen fram i lyset både lokalt og nasjonalt, heiter det i rapporten.

Forfattarane med på laget

Rasmus Løland-stiftinga har frå 2007 til 2011 arbeidd med å setja Løland på dagsorden for nye generasjonar og auka statusen til barnelitteraturen og barnekulturen.

– Det har vore eit ufatteleg spennande arbeid, men veldig mykje jobbing, oppsummerer Marny Skeie Henkel, som har leidd arbeidet mesteparten av tida.

Sidan starten har ho vore pådrivar for ei rekkje arrangement både i heimtraktene til Løland i Suldal og rundt om i heile landet. Skeie Henkel er spesielt glad for at markeringa har fått mange barnebokforfattarar med på laget.

– Olaug Nilssen har sete i styret i Rasmus Løland-stiftinga og har vore ein døropnar til forfattarane. Ho trekte mellom anna inn Maria Parr som har følgt oss mesteparten av tida.

Stipend og auka status

Eit viktig mål for Løland-markering har vore å auka statusen for barnelitteratur og barnekultur. Etableringa av det fylkeskommunale Løland-stipendet på 100.000 kroner til forfattarar som skriv for barn og unge, er eit svært viktig tiltak i så måte, meiner Marny Skeie Henkel.

– Det skal gå til forfattarar som skriv ny norsk litteratur for barn og unge, seier ho. I praksis betyr det at både nynorskskrivande forfattarar og forfattarar som skriv på bokmål, kan få stipendet.

– Løland-stipendet er eit tydeleg signal til norske barnebokforfattarar om at litteratur for barn og unge har same status og verdi som annan litteratur, heiter det i sluttrapporten.

– Mykje fåkunne

– Kor mykje har Løland-stipendet å seia for den nynorske barnelitteraturen?

– Eg trur det har svært mykje å bety. Mange klagar over at det finst så lite litteratur på nynorsk for barn. Men mange er ikkje klar over kor mange nynorske barnebøker det finst. Det finst eit hav av nynorske barnebøker – og dei er gode, seier Skeie Henkel.

Ho håpar at Løland-stipendet kan gjere sitt til at folk får auga opp for kor mange nynorske barnebøker det finst.

Nasjonalt senter

Sjølv om femårsperioden til Løland-markeringa no er over, lever prosjektet vidare på Ryfylkemuseet.

– Der blir det no etablert eit senter for nynorsk barnelitteratur og kultur, seier Marny Skeie Henkel.

Senteret er allereie inne på statsbudsjettet, og den første stillinga er på plass.

– Det blei tilsett ein person rett før påske, fortel direktør Roy Høibo til Nynorsk pressekontor.

– Men vi treng minst fire stillingar for å få den kompetansen og kapasiteten vi treng, legg han til.

Arven etter Løland kan du likevel oppleva ved museet.

– I fjor laga vi i samarbeid med Rogaland Teater ei utstilling som byggjer på forteljinga Kvitebjørn av Rasmus Løland. Utstillinga formidlar dels forteljinga til Løland og dels er det eit prosjekt der ungane kan kle seg ut og skapa sine eigne historier. Prosjektet har vore ein stor suksess og vil nok leva vidare lenge enno, seier Roy Høibo. (©NPK)

Les òg: Skriv om draum og tullskap