– Arbeidarpartiet stoppar utsleppskutt

Regjeringa får ris og litt ros for klimameldinga som vart lagt fram i dag.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Arbeidarpartiet stoppar klimakutt

– Det er positivt at Regjeringa ser verdien i å starte omstillinga av industrien til et lågutsleppssamfunn gjennom å opprette eit teknologifond for utsleppskutt i industrien. Bellona støttar òg opp om at fondet blir lagt til Enova. Fondet er derimot ikkje stort nok til å utløyse dei kutta som er naudsynte i den industrielle sektoren for å nå klimaforliket. Det manglar visjonar om å nå karbonnegative løysingar, som vil vere naudsynte for å unngå 2-gradarsmålet. Det er ikkje spor av ei auka satsing på CCS i industrien, svarar industrirådgjevar Sindre Østby Stub i Bellona.

Ein av tankane med klimafondet er at det skal verke mot industriflukt, og er noko Bellona har jobba med i mange år.

– Eit slikt fond vil forhåpentlegvis hjelpe med å trygge norske industriarbeidsplassar, og skape meir forutsigbarheit, seier Frederic Hauge, leiar i Bellona.

Les òg: – Noreg må skaffe grøn økonomi

NU vil ha sterkare verkemiddel
– Det kjem ingen vesentlege endringar for pålegg om å bruke straum frå land til utbygging av nye oljefelt, og klimameldingen legg heller ingen føringar for å kutte utslipp frå eksisterande felt. Sjølv om det no blir dyrare for oljeindustrien, er det enno for billeg til å oppnå ein ynskt klimaeffekt, seier Silje Lundberg, leiar av Natur og Ungdom. Ho meiner Arbeidarpartiet har vore ein effektiv stoppar for utsleppskutt hjå Noregs rikaste sektor, som står for mest utslepp av alle.

– Innanfor transport er det fleire gode tiltak, som meir pengar til gang- og sykkelfelt og ei varsling av opptrapping av arbeidet med dobbeltspor på jarnbanen på austlandsområdet, men enno manglar dei store grepa som faktisk kuttar utslepp frå vegtrafikken og gjer det enkelt å vere miljøvennleg, seier Lundberg.

Prøv vår Klimaquiz her!

Klimalov for Noreg
Fleire land har allereie lover for forpliktande utsleppskutt. I Storbritannia, Skottland og Mexico er slike klimalover allerede på plass. Flere land planlegg klimalover, mellom anna Kina, Danmark og Finland. Klimalovene gjev, mellom anna, næringslivet langsiktige rammer, som gjer det mogleg å planleggje nye og klimavennlege investeringar. Regjeringa lovar i klimameldinga å vurdere ei klimalov for Noreg.

– Norske politikarar bør ha lyst til å lage ei norsk klimalov for å bringe klimapolitikken heim til folk flest. Noreg var tidleg ute med å innføre ei røykelov, som er eit godt eksempel på at politisk handlekraft påverkar haldningar, seier Nina Jensen, generalsekretær i WWF.

Les òg: Slik vil dei kutta klimautsleppa