Padde-bryllaup

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Hopadda ber med seg hannen på ryggen. Når ho slepp egga vil hannen være klar til å befrukte dei.

Den milde vinteren med varmerekordar i mars gav bod om ein tidleg vår, og mange artar laut seg lokka fram frå dvalen. Men ein særs kald april så langt har halde våren i sjakk. For mange artar er det svært viktig å ikkje starte førebuinga til våren for tidleg.

Derfor er det ikkje temperaturen, men lyset som er avgjerande for når ein kjem ut frå vinterdvalen eller startar kurtisen. Temperaturen kan variera mye, men lysmengda er den same kvart år. Følgjer ein lyset, er ein nokså trygg på å ikkje starte for tidleg. Og dersom det framleis er kaldt når lysmengda har blitt rett, er det berre å vente til varmen kjem. For paddene i Bergetjørna på Jelsa i Suldal vil dette seie at dei startar sitt bryllaup frå omkring 10. april til 20. april, og det varer omkring ei veke. I vatn som ligg høgare og lenger innover i landet vil denne tida forskyvast stadig lenger mot sommaren. 

LES SAKA I SULDALSPOSTEN!