Mann eller kvinne?

Svenske Daniel Pohjantähti fekk ikkje norsk personnummer fordi han ikkje kunne bevisa at han var mann.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var sist veke Daniel Pohjantähti troppa opp på Nav-kontoret på Husnes for å prøva å få seg eit norsk personnummer. Han er nytilsett som bakar ved bakeriet Peder Bakar på Halsnøy, og må ha papir i orden for å kunna ha arbeidet sitt i Norge.

– Eg fekk rett og slett sjokk då det første den tilsette på Nav spurde meg om var: «Er du kvinne eller mann»?

– Unnskyld sa eg då, fordi eg lurte på om eg høyrde rett, forklarar Daniel.

Vedkommande på Nav spurde då igjen:

– Er du kvinne?

– Nei eg er ein mann! svara eg sjokkert.

– Så tok eg fram svensk personbevis og førarkort som identifikasjon, fortel svenske Daniel.

Studerte
Etter at sakshandsamaren hadde studert papira mine nøye fekk eg følgjande beskjed:

– Dette konstaterer ikkje at du er ein mann.

– Sjølv om eg prøvde å visa til utsjånad og til namnet mitt Daniel, så var ikkje det godt nok. Ikkje føler eg at eg er spesielt feminin heller!

Enden på visa var at den svenske bakaren fredag måtte leggja i veg til Sverige, for å få tak i passet sitt. Der står det nemleg svart på kvitt at Daniel Pohjantähti er ein MANN.

Les andre utrulege saker her!

Pass
– Beklagar å måtte øydeleggja ei god historie, seier Arild Berg ved NAV Kvinnherad, når vi spør om det ikkje er mogleg å visa skjøn i ei slik sak.

– Poenget her er at det berre er pass som er gyldig legitimasjon. Der står det om vedkommande er mann eller kvinne, og det må den avdelinga som jobbar med denne saka vita. Denne mannen hadde lagt fram eit personprov og førarkort, der det ikkje står om vedkommande er mann. Og det provet må dei som skal laga personnummer til Pohjantähti ha. Vi har sendt inn papir før, der kjønn ikkje kom tydeleg fram. Berre pass blir godteke som prov i slike saker, forklarar Berg.

– Men kan ikkje den som behandlar ei slik sak berre skriva om det er mann eller kvinne?

– Nei det går ikkje, det er pass som er einaste godkjende ID. Vi må vita at det er denne mannen og då må passet vera med, fordi det ikkje går fram nokon anna stad om det er mann eller kvinne, avsluttar Berg.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!