Ukjende Olav H. Hauge-tekstar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fleire tiår frå 1932 skreiv Olav H. Hauge kortprosa og dikt, ord og uttrykk i fleire kladdebøker. Noko av dette materialet blir no offentleggjort for første gong i boka «Olav H. Hauge og ‘Gamalt frå Ulvik’. Torsdag presenterer forfattarane Arne Skjerven og Steinar I. Bergo boka på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Der les ordførar Hans Petter Thorbjørnsen og rådmann Jon Oppedal nokre av tekstane.

Kladdebøkene er kalla «Gamalt frå Ulvik». Dei inneheld nokre dikt av Hauge som ikkje har vore prenta før. Med denne boka blir det klart at Hauge også skreiv dikt under den tyske okkupasjonen. – Korleis skulle han elles fått gitt ut debutsamlinga «Glør i oska» i 1946? spør Arne Skjerven.

Nye aforismar, eller stingord som Olav H. Hauge kalla dei, og ei ordsamling er med. Kladdebøkene inneheld også små soger og forteljingar frå Hardanger, rim og reglar og anna stoff, mellom anna mykje han har skrive ned etter mor si, Katrina Hauge. – Her er hundrevis av soger der me sit att med sjølve kjøtet, beinet og margen, ofte ei hending skriven i slåande kortform, seier Arne Skjerven.

LES OGSÅ: Brev blei til kjærleik

Lansering under rådsmøte
Utgivarane har tileigna boka til Olav H. Hauge-senteret. Torsdag har rådet i Nynorsk kultursentrum møte i Ulvik, og boka blir lansert under dette møtet.

– Skjerven og Bergo har med raus hand stilt opp for Olav H. Hauge-senteret. No får vi endeleg gi noko attende ved å leggje til rette for denne bokutgivinga, seier fungerande dagleg leiar Ottar Grepstad ved Hauge-senteret.

I si tid kom 12 kladdebøker og ein del handskrivne lausblad frå Bodil Cappelen til Ulvik lokalhistoriske arkiv. Etter avtale med Ulvik lokalhistoriske arkiv overtok Olav H. Hauge-senteret i november 2011 ansvaret for kladdebøkene.

Oppfølging av bok frå 2008
Dette er den andre lokalhistoriske boka om Olav H. Hauge av Arne Skjerven og Steinar I. Bergo. Til hundreårsjubileet for Olav H. Hauge i 2008 gav dei ut «Olav H. Hauge og bygda». Også den inneheldt ukjende Hauge-tekstar.

Les òg: Fortel Olav H. Hauge sanninga?