Strengare krav til lærarar
I framtida må lærarar ha relevant fagkompetanse i dei faga dei skal undervise i.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Krav om relevant fagkompetanse i faget læraren underviser i vil styrkje læringsutbytte for elevane. Vi veit at det er ein samanheng mellom den formelle kompetansen læraren har, og resultata elevane får. Dette forslaget vil difor bidra til å auke kvaliteten på opplæringa, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
I dag er kompetansekrava berre knytt til å bli tilsett i undervisningsstilling. Endringa vil innebere krav om 60 relevante studiepoeng for å undervise i dei fleste fag på vidaregåande skule. Same krav vil gjelde for undervisning i norsk/samisk, matematikk og engelsk på ungdomsskulen. For dei fleste andre fag i ungdomsskulen og norsk/samisk, matematikk og engelsk på barnetrinnet, blir kravet 30 studiepoeng.
Kravet skal ikkje gjelde for dei som alt er tilsett i skulen. (©NPK)