Jaktar på det norske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tarkam Muntir lyftar opp luftkammen og dreg den gjennom håret når eg spør korleis han stavar namnet sitt.

– Tar-kam, seier han og ler.

– Alle forstår det når eg seier det slik, hald han fram. Framande ord vert enkle om ei får dei forklart. På same måte kan tradisjonar som verkar framande, verte interessante om ein berre vert kjend med dei.

Likar vêret
Familien til Tarkam kom frå Irak til Noreg og Bergen då han var seks år gammal. No er 25-åringen nesten meir ute enn inne. Han likar det han kallar «norske friluftstradisjonar».

– Eg jaktar mykje, mellom anna småvilt, fortel han. Og han lét seg ikkje stoppe av litt vestlandsvêr.

– Du veit, det er gjerne ikkje turane i solskinn du hugsar best.

I haust var han med å skipe gruppa Wild West i Hordaland jeger – og fiskarforbund. Målet er å skape eit tilbod der ungdom med minoritetsbakgrunn kan kome ut på turar og verte kjend med jakt og friluftsliv.

I same fulle båt
– Interessa har vore stor det fyrste halvåret. Allereie fyrste tur var det for mange frammøtte i høve til kapasiteten på havfiskebåten vi skulle ut

med, seier Terje Wangsholm, fylkessekretær i Hordaland jeger – og fiskarforbund.

I Oslo har gruppa Wild X allereie eksistert i nokre år. I oktober viste NRK dokumentaren «Jakten på det nye Norge».

Sjå trailer for dokumentar under:
(artikkel held fram under)

Jeger – og fiskarforbundet i Troms byrja òg eit Wild-tilbod i 2011.

Wild West sin visjon er at alle skal kunne utfalde seg på lik linje, uavhengig av tru, opphav, legning og kjønn.

Gjennom å ta i bruk naturen som arena skal alle stille likt, uavhengig av tidlegare kunnskap og erfaring.

– Når ein løyser felles utfordringar utviklast nye ferdigheiter og gjensidig respekt, noko som er ein føresetnad for eit fleirkulturelt samfunn, seier Wangsholm.

LES OGSÅ: – Eg bruker frykt for å fokusere

Tar med seg barna
Ein av dei som deltok på Wild West i haust, var Jeran Karunairaja. Han flytta med familien frå Sri Lanka til Norge for tre år sidan. For eit år sidan vart han bergensar. No går han på Nygård skole, kor han lærar norsk og førebur seg til å starte på vanleg vidaregåande frå neste haust.

– Eg elskar naturen, difor vart eg med. På Sri Lanka fiska eg frå land, men eg hadde aldri fiska frå ein båt før, seier Jeran. Dei fyrste turen på Byfjorden i Bergen fekk alle minst ti fisk kvar. Jeran synst det var ekstra kjekt å trekkje opp teiner.

– For fyrste gong lærte eg korleis eg skulle ete ein krabbe, fortel han.

LES OGSÅ: Her er søndagstur mest populært

Lokkar foreldre
No er Jeran i gang med å overtale familien til å bli med på tur.

– Mamma og pappa er redd for fjellet. Dei ser hoppebileta eg har tatt frå fjellet og synest det ser bratt ut. Men eg fortel dei at det ikkje er farleg. Førebels har eg ikkje fått med foreldra mine på tur, men eg tar med meg sonen til fetteren min ut på tur. Han er tre å gammal og likar godt å vere på tur. Snart skal eg ta med litlesystera på eit år òg, seier Jeran.

20-åringen har meldt seg inn i Bergen Turlag og deltok på 7-fjellsturen i fjor. I år vil han prøve å gå 7-fjells og 4-fjellsturen på same dag.

Å gjere deltakarane til ambassadørar for friluftsliv er noko av tanken bak Wild West.

– På denne måten kan fleire kome seg ut og forstå at det ikkje er farleg, seier Tarkam. Sjølv hugsar han ein gong han prøvde å få med foreldre til fjellet Ulriken i Bergen.

Etter å ha gått eit par hundre meter, synst dei at det var for bratt og dei måtte snu. Etter det har Tarkam sikta litt lågare – og fått dei med på tur mellom anna på Fløyen.

For nokre veker sidan deltok dei begge på leiarkurs i Norges jeger – og fiskarforbund.

– Eg vil hjelpe andre utlendingar til å verte glad i naturen. No ser eg at mange er redde, seier Jeran.