Tek volumet på leselysta

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette året vil dei norske brukarane av musikktenesta Spotify få moglegheita til å strøyme boktitlar, som første land i Europa. Vil dette auke leselysta blant den yngre generasjonen?

Då Spotify starta opp i 2007 blei brukarane introdusert for ein heilt ny måte å lytte til musikk på. Med ei samling på fleire millionar songar har dei gjort det mogleg å lage sine eigne spelelister, ta med seg musikken på mobilen, oppdage ny musikk på ein lettvint måte – og det heilt utan å måtte laste songane ned på datamaskina først. I fjor blei det også mogleg å knytte Spotify-kontoen sin opp mot Facebook slik at venene dine heile tida kan vera oppdaterte på kva du lyttar til.

Over tre månadar med forhandlingar, mellom Forfattarforeininga sin leiar Anne Oterholm og den norske forlagsbransjen, har nå resultert i at ein har kome fram til ein rettigheitsavtale som vil gjera det mogleg for dei norske Spotify-brukarane å strøyme ebøker på kontoen sin. Noreg er det første landet som har fått i hamn ein slik avtale, og Oterholm seier i ein kommentar til Dagbladet at ho satsar på at tenesta vil vera på plass i løpet av året.

LES OGSÅ: E-bøker til fleire folkebibliotek

Modernisering av litteraturen
I årevis har ein sett tendensar til at meir digital underhalding stel merksemda til dei yngre. Undersøkingar i skulen og minkande tal på utlån av bibliotekbøker er berre noko av grunnen til at stadig fleire fortvilar over den yngre generasjonen sine lesevanar. Trass i dette er ungdommen storforbrukarar av litteratur, men då ofte i eit meir moderne format enn romantekstar. Musikktekstar, chatting i sosiale medium og teksting av filmar har i stor grad tatt over for den innbundne boka.

Ein av hovudårsakene til at romanen misser mange av dei yngre lesarane meiner eg er at det skrivne ord ikkje klarar å følgje med i tida. Musikken har gått igjennom ein enorm forandring sidan introduksjonen av LP-plata. Musikktilbodet har heile tida gått i takt med samfunnsutviklinga, og ein kan sjå tilbake på kassettar, CD-ar, disk-man, mp3-spelarar og nå også i-Podar. Bokutviklinga har derimot stått i ro i lengre tid som eit resultat av at bokindustriens forsøk på modernisering av bokbinda ikkje har slått an.

Bøkene sitt comeback
Spotify si lansering av e-bok tenesta kan tilføre romanen noko den ofte har mangla, nemleg tilgjengelegheit og ei attraktiv innpakking. Ein slepp å kjøpe noko utover det elektroniske utstyret ein allereie har, då Spotify fungerer på både PC og mac, iPod og smarttelefonar. Samstundes har ein unike moglegheiter for å fremje leseglede ved å kople tenesta opp mot sosiale medium, slik ein allereie har gjort med musikken. Dersom ein kan dele boktitlar eller lage si eiga bokhylle i nyhendestraumen på facebook, i tillegg til å legge ut sitat eller vise til delar av romanar som ein særskild liker, trur eg dette kan vera ein trend som kan spreie seg som eld i tørt gras.

Ein annan viktig føresetnad for at Spotify skal lukkast med den nye tenesta meiner eg er prisen. Ein har prøvd å fornye romanen før gjennom lesebrett og digibøker, men dei endar ofte med å prise ungdommen ut av målgruppa. Ein student kan ofte ikkje ta seg fridommen til å bruke fleire hundre kroner på ei enkelt bok. Dersom ein skal samanlikne den med musikken får ein i Spotify høyre ein song fem gongar utan å betale ei einaste krone, etter dette kan ein betale for eit abonnement eller laste ned dei ynskja songane. Korleis skal dei løyse dette for ebøker? Trendar som å sjå tv-seriar på nettet og fenomen som youtube viser at gratis tenester tiltrekk ungdom. Kva pris er forlag og forfattarar villige til å betale for at ungdommen skal få auga opp for det skrivne ord?

Den største utfordringa boka møter på nettet er likevel vår kjærleik for det nostalgiske preget som følgjer med ei innbunden bok. Gjennom ein skjerm får ein ikkje den same følelsen av å opne ei bok, med alle eseløyre, kaffiflekkar og understrekingar som fører med. Dersom ein klarar å skape ei moderne løysing der ein lett kan framheva dei tekstane ein likar, der ein kan samle opp favorittbøker og der framleis kan ha ei personleg leseoppleving har eg stor tru på at Spotify kan vera med på å gje bøkene eit comeback i samfunnet.

Først publisert på Magasinett!