Kolonimaneta med det latinske namnet Physohora hydrostatica har nemleg oransje fangarmar som omkransar maneta. På engelsk har maneta difor fått kallenamnet «hula-skirt jellyfish», fortel Havforskingsinstituttet.
Sjølv om maneta ser ut som eit einskildindivid, er det eigentleg ei samling individ med kvar si oppgåve, fortel instituttet vidare. Medan nokre individ har spesialisert seg på framdrift eller oppdrift, fungerer nokre som fangstorgan. Andre igjen har ansvaret for fordøying eller formeiring.
Oppdatert:
onsdag 24. mai 2017 15.35