Fleire apotek og bensinstasjonar melder om tomme lager.

Uvanleg mange markerte den såkalla Earth Hour laurdag kveld. Mellom klokka 20.30 og 21.30 skal fleire enn nokon gong ha sløkt lyset verda over.

Akkurat kva folk gjorde på i mørkret har nok variert, men i dag, søndag føremiddag, er det no fleire apotek, butikkar og bensinstasjonar som melder om mangel på naudprevensjon, eller såkalla angrepiller.

Angrepiller må i dei fleste tilfelle takast innan 72 timar etter samleie for å ha effekt. Dermed byrjar det å hasta for dei som ikkje brukte nokon form for prevensjon laurdag kveld, og ikkje planlegg å bli foreldre om ni månader.

Helsetilsynet følgjer situasjonen nøye, og har allereie tatt opp saka med Helse- og omsorgsdepartementet, sidan det normalt er lite distribusjon av legemiddel i påsken.

Kvinner som lurer på kva dei no skal gjera blir bede om kontakta næraste lokalsjukehus.

Dette var aprilspøken til Framtida.no i 2012.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE