Sel Samlaget Utdanning

Samlaget sel utdanningsavdelinga si til Fagbokforlaget.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For å møte dei framtidige endringane i bokbransjen spissar Det Norske Samlaget satsinga, heiter det i ei pressemelding frå Samlaget.

– Vi ønskjer å vere best muleg rusta for å takle endringane i bokbransjen. Samlaget har spelt ei viktig rolle for norsk litteratur i snart 150 år. Vi skal no bli tydelegare på felta barn og ungdom, skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, for å sikre at Samlaget er like viktig framover. Det vil krevje at vi er audmjuke i møte med omgjevnadene våre, forståing av den framtidige rolla vår i marknaden, og vilje til å prioritere deretter, seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

Samlaget og Fagbokforlaget er einige om vilkåra for overdraging av Samlaget Utdanning til sistnemnde. Samlaget og Fagbokforlaget har begge lang tradisjon for å gi ut alle skulebøker på både bokmål og nynorsk.

Les òg:  Her er første app`en frå Samlaget

Nær halvering av årsverk i Samlaget
– Det er ei dramatisk endring for Samlaget når selskapet blir halvert. Det som likevel er det positive er at det er ein kime til fokusering på det viktig litterære feltet, seier Austigard.

– Vi skal vere viktige i form av litteratur, ikkje storleik, seier han.

– Vorte tøffare
Austigard fortel at vilkåra for «utdanningsforlageri» har endra seg dei siste åra.

– Skulebøkene har vore nyttige og ei kjelde til sårt tiltrengde pengar med jamne mellomrom. Men det har blitt tøffare, i alle fall for den type forlag som vårt og med den storleiken på marknadsdelen som vi har. Slik situasjonen er no må ein levere fullverdige digitale læreverk og fullverdige læreverk på papir, i to parallelle distribueringskanalar. Vi har bygt opp ei eiga løysing for digitale læremiddel. Det kostar. Skulane betaler ikkje meir, snarare mindre, seier han.

Til neste år kjem ein revisjon av læreverka. Austigard tok til som administrerande direktør i fjor haust, og før jul sette Samlaget i gang ein strategisk analyse for å vurdere i kva retning forlaget burde gå.

Forlagsdirektøren viser til at det hadde måtta store investeringar til fram mot revisjonen. Dei har vurdert det slik at den økonomiske risikoen knytt til revisjonen vert større enn kva Samlaget kan bere.

– Vi reknar med fleire læreplanverk blir bytt ut. Dette løftet blir for risikabelt for oss, seier Austigard.

– Betre føresetnader
Når dei no sel utdanningsavdelinga til Fagbokforlaget, meiner Austigard ho er i gode hender. Det har vore viktig for Samlaget å finne ein god kjøpar.

– Fagbokforlaget har storleiken og musklane som skal til, og dei blir ikkje mindre med den breie og gode porteføljen til Samlaget. Porteføljen kan gro og utvide seg betre der enn hos oss. Dei har betre føresetnader. Det er sjølvsagt litt trist å medgi, men slik er det, seier Austigard.

Sjølv ønskjer Samlaget no å konsentrere seg om kjerneverksemda, som er å gi ut kvalitetslitteratur på nynorsk. Plussida av salet er at Samlaget kan bruke alle krefter på forfattarane og på å dyrke fram kvalitetslitteratur.

– Vi skal no bli tydelegare på felta barn og ungdom, skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, for å sikre at Samlaget er like viktig framover. Det vil krevje at vi er audmjuke i møte med omgjevnadene våre, forståing av den framtidige rolla vår i marknaden, og vilje til å prioritere deretter, seier Austigard.

Beheld høgare utdanning
Etter salet av Samlaget Utdanning, har Samlaget att felta born og ungdom, skjønnlitteratur for vaksne, sakprosa, tidsskriftet Syn og Segn, ordbok og høgare utdanning.

Austigard fortel at det ikkje har vore aktuelt å selje ut det nærliggjande feltet høgare utdanning.

– Vi vurderer høgare utdanning som eit språkpolitisk viktig felt. Vi veit at enkelte av verka på høgare utdanning har hatt betydning for språkbruk og målform i enkelte fag. Det ligg så nært opp til måla for stiftinga, at vi ville ha det med vidare. Det same kan seiast om ordbok, fortel Austigard.