lureri

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

det har alltid forundra meg kor lette me menneske er å lure. i mange samanhengar er sjølvsagt dette meir sant for nokre enn andre, men det eg fyrst og fremst interesserer meg evna vår til å overtyde oss sjølve og kvarandre om at ting er naturlege og sjølvsagte.

eit opplagt døme er juletreet. å dra eit tre inn i stova og pynte det med kuler og lys kan ein kvar sjå er galskap. likevel finst det i vår del av verdi mest ikkje ein heim utan kvar einaste jul. og det er meir å ta tak i rundt juletider, til dømes den naturlege sluttingi at alle dei tunge kjøtmiddagane og dessertane gjer at me får lyst på utruleg mykje meir småkaker enn vanleg. eg trur eg kunne hatt lyst på peparkaker og berlinarkransar i juni/juli, på den tidi av året et eg for det meste salat elles. i juletidi derimot, er eg konstant mett og trøytt og har verken bruk for eller lyst på den slags bakverk. likevel blir det flittig bakt, og ete òg.

men at folk blir galne i juli er ikkje noko å skrive heim om. det eg derimot tykkjer er spennande er å bli vaksen, slik eg driv med. det kan vera sant det folk seier om at folk polerer sanningi før dei legg ho på facebook, men når du er 21, er det grenser for kva du kan polere. for det som står att når du høvlar vekk småkranglane med kjærasten og posesupper framfor fjernsynet er kvar du er i livet og kva du har oppnådd. på det punktet er det berre reint nettsølibat som kan skjule sanningi.

livet fer hardt med draumane våre. musikklineelevar drøymer nok meir enn dei fleste, og eg hugsar kor me leitte etter teikn til stordom i kvarandre, diamantar som kunne slipast og bli til stjerner. så søkte me saman, me som trudde me hadde det, og prata om dei me meinte ikkje hadde det. samanlikna oss med dei me såg opp til, prata om kva me skulle fått til, hadde me hatt pengane, platekontrakti – dei små detaljane som alltid sto i vegen for gjennombrotet.

det er ingenting som kan måle seg med ein attenåring som trur på noko. me var best i verdi og venta berre på at ho skulle oppdaga det. denne kunnskapen var det einaste som gjorde at me heldt ut i dei tronge øvingsrommi kvar einaste kveld i veka. det fyrste året mitt på vidaregåande hende det titt og ofte at medelevar traska inn i aulaen om nettene, der eg sat i mørkret, ved flygelet. dei høyrde lyden og kom for å drøse litt før dei forsvann ut i natti og eg sat att med dei siste skalaane og frasene eg skulle pugge.

det var eit beskytta liv av dagdraumar og søvngjengeri, og den beste tidi i mitt liv. ho tok slutt, på skjema; me var fornøgde og klare for nye oppgåver (underforstått – nye høgder, nytt land). det var ingen sentimentalitet over det som var over, for me var konsentrerte om det som skulle koma. for dei fleste med ambisjonar var det musikkfolkehøgskular, førebuing til dei utøvande studia me ville inn på. eg havna på musikkvitskap, eit klart andreval, men kva kunne eg gjera når folk stadig vekk ikkje forsto kva potensial eg tykte eg hadde.

i løpet av dette året skjedde det noko med oss, og som ein av dei fyrste generasjonane i historia fekk me plass på fyrste rad til å sjå det skje. noko skjedde i måten folk prata på, ein bytte ut "skal bli" med "hadde vore", og facebook gav oss eit vindauga der me kunne sjå korleis folk gøymde seg i no for å unngå i morgon. under overflata foregjekk ein masserevisjon av draumar og ambisjonar med like mange utfall.

men det interessante var ikkje at planar endra seg. det interessante var kor fort me tilsynelatande fann oss til rette med dei nye planane våre og fekk det omlag like bra som før. kor sjølvsagt me no finn vår eigen livssituasjon, som om det var slik alt var tenkt heile vegen. det er slik med meg òg, eg gløymer kor rart det er at eg bur i england, kor merkeleg det er at eg er forlova og skal gifte meg, kor absurd det er at eg kan ta toget til paris og det berre tek to timar.

facebook minner meg på desse tingi ein gong i blant, når eg ser statusoppdateringar frå dei eg las tysk med på ungdomsskulen eller delte draumane mine med på vidaregåande. det er berre tre år sidan, men det kjennest som tjue. me lever plutseleg i ulike verder, i ulike krinsar, og det er lite att av sambandet me hadde då. dei er heilt andre stader enn meg, gjer heilt andre ting, og dei fleste ser ut som dei har det fint. og eg prøver å sjå meg sjølv i deira situasjon; om eg kunne hatt det like bra om eg budde ein annan stad og hadde heilt andre planar enn det eg har. om eg kunne overtydd meg sjølv om at det var dèt eg ville heile vegen?

det får eg sjølvsagt aldri veta. det eg veit er at eg har aldri vore så mykje lei meg som året etter vidaregåande. karin boye seier at det gjer vondt når knoppar brest. eg veit at det er sant. eg veit òg at for dei fleste av oss så går det over etter ei stund, me tilpassar oss det som skjer og lurer oss sjølve til å tru at me ikkje har svikta attenåringane i oss. kva veit vel uansett attenåringar om livet?

Først publisert på Magasinett.