– Kanskje den viktigaste læringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved Voss Jordbrukskule har dei frå skulestart hatt eit fag som heiter UB, Ungdomsbedrift. Dette er eit fag alle vg2 elevar skal ha, der dei opprettar si eiga bedrift.

Svein Inge Styve, rektor ved Voss jordbrukskule, meiner læringa som skjer når dei lagar ei bedrift og driv med entreprenørskap, er veldig viktig.

– Den læringa er kanskje den viktigaste læringa ein har gjennom vidaregående, meiner Styve.

Kari Anne Hommedal er lærar ved Voss Jordbrukskule. Ho underviser i dette faget.

LES TEMASIDENE FOR ENTREPRENØRSKAP HER!

– Det er på godt og vondt kva dei lærer av dette, seier Kari Anne.

– Dei må jobba saman i grupper, dette gjer at dei må samarbeida, alle har ulike roller, der dei må fordela arbeid mellom dei ulike. Dei må læra å ta ansvar, og så lærer dei å oppretta ei bedrift.

Oppretta og avvikla
Føremålet er ikkje at ein skal tena pengar. Målet er at ein skal gå gjennom prosessen der ein tenkjer ut ein forretningside, korleis ein vil gjera det, kva det skal kosta og kven målgruppa er.

– Målet er å oppretta ei bedrift og avvikla ho, forklarer Kari Anne.

Det er veldig mange ulike bedrifter som er blitt oppretta gjennom prosjektet. I år er det mellom anna blitt oppretta bedrifter som har hatt ridekurs, aktivitetar for born, hekla huer, selt sitjeunderlag av skinn, rydding av skog og mykje meir.

Fylkesmessa
UB tek litt timar frå samfunnsfag og programfaga i vg2. Dette gjer dei frå hausten og fram til fylkesmessa som er i Grighallen. I år vart ho skipa til 14. mars.

LES OGSÅ: Tente ein halv million for mykje

Kari Anne Hommedal var med elevane sine på messa i Bergen. Der var det samla 111 bedrifter som konkurrerte i 16 ulike katogoriar. Det er Ungt Entreprenørskap Hordaland som står for konkuransen.

To tredjeplassar
Hanne Meyer, Sondre Nederskår og Sindre Tveit er tre av elevane som har vore med på UB, der dei har rydda skog. Desse kallar seg «treskallane». Dei kom på tredjeplass både i beste logo og beste utstilling. Alle dei tre ungdommane er einige om at det var stort å koma på tredjeplass.

– Det er veldig greitt å ha eit mål å jobba fram mot, i staden for berre å sitja på skulen og jobba og jobba, meiner Hanne.

LES OGSÅ: Satse, eller ikkje satse?

Sigmund Skår, som også er elev ved Voss jordbrukskule, var ein av dei som blei heidra som beste seljar, etter å ha prøvd å selja gevir og ei opptenningspakke.

– Det eg har lært, er litt om økonomi og korleis ei bedrift føregår, seier Sigmund Skår.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!