Noreg fell ti plassar på liste over økonomisk fridom, på grunn av høgt statleg forbruk.

NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Noreg fell frå 30. plass til 40. plass på lista til Heritage Foundation over land med mest økonomisk fridom.

Noreg blei tidlegare rekna som «hovudsakleg fritt». No har landet hamna i kategorien «moderat fritt», skriv Finansavisen.

Dei einaste landa som er rekna som «frie» på lista er Hongkong, Singapore, Australia, New Zealand og Sveits. I motsett ende er Cuba på 177. plass, Zimbabwe på 178. plass og Nord-Korea på 179. plass.

Fallet til Noreg kjem hovudsakleg av «eit ekspansivt offentleg forbruk», ifølgje Heritage Foundation, som har utvikla lista saman med The Wall Street Journal.

LES OGSÅ: – Ikkje bruk opp pengane våre

Noreg hamnar bak land som Jordan, Botswana, Georgia, Dei sameinte arabiske emirata og Armenia.

I Norden er det Danmark som kjem best ut, på 11. plass. Finland er nummer 17 og Sverige nummer 21. Island ligg på 27. plass.

Heritage Foundation er eit konservativt forskingsinstitutt som arbeider for fri næringsverksemd og liten stat, ifølgje Wikipedia.

LES SISTE NYTT OM SAMFUNNSØKONOMI!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE