Fri fantasi og pseudovitenskap

Jødane planlegg verdsherredømme og kommunistane står bak 11. september. Trur du på konspirasjonsteoriar, finn du plutseleg meininga med det meste.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei tru på ei bevisst samansverjing som handlar i løyndom for å oppnå destruktive mål. I tillegg må dei vere prega av mellom anna feilslutningar, løynde intensjonar og aktørar og misvisande bruk av data.

Slik definerer Asbjørn Dyrendal, professor ved NTNU, begrepet på Studentersamfunnets upop-møte om konspirasjonsteoriar.

Dyrendal meiner konspirasjonsteoriane har eigenskapar for at dei skal kunne få fotfeste.

– Dei fungerar som eit slags ideologisk sjølvforsvar. Dessutan gjev det ein slags elitefølelse av å vere innvia i ein løyndom som nokon freistar å halde løynd, forklarar han.

Konspirasjonsteoriknekkar Bjørn Are Danielsen trekk på si side parallellar mellom konspirasjonsteoriar og religion.

– Dei har heilt klart religiøse trekk. Dei finn attraktive og meiningsbærande mønster som blir styrt av demonar, seier han.

Mistillit og overnaturlegheit
Ifølgje Dyrendal finst det dårleg med data på området, men det er vanleg å dele inn i fire grupper som forklarar kvifor personar trur på konspirasjonsteoriar.

– Ved aukande mistillit til staten, kan det skapes grobotn for konspirasjonsteorier i saker som er relevante for folk. Menn, politisk marginale grupper og personar med tru på paranormale erfaringar antek ein at òg er meir mottakelege enn folk elles, forklarar Dyrendal, som ikkje trur utdanningsnivå har noko særleg å seie.

Leiar for upop-komiteen til Studentersamfunnet, Lars Volldal, trur teoriane finst blant studentene òg.

– Studentane er ei variert gruppe, så du finn nok ein del ulikt der òg. Det er nok ein del som i det minste trur halvvegs — at det er noko som ikkje stemmer heilt, meiner han.

Potensielt dødelege
Danielsen meiner konspirasjonsteoriar alltid er farlege.

– Får det påverknad, øydelegg det. Du mistar evna til å te deg rasjonelt, seier han.

Volldal fortel at dette òg var bakgrunnen for kvifor Studentersamfunnet valde å sette opp møtet til å byrje med.

– Konspirasjonsteoriar kan vere underhaldning, men vi ønska å finne mekanismen bak. Korleis samfunnet kan møte desse, om dei får fotfeste, seier Volldal.

… men det liknar jo!
Dyrendal skil mellom tre ulike typar konspirasjonsteoriar — hendingsteoriar, systemteoriar og superteoriar.

– Hendingsteorier oppfattast gjerne som dei mest truverdige, men du må byggje opp argumentasjonen vitskapeleg, med samsvar mellom data og konklusjon, for å få meg til å tru på teoriane, seier han.

Han trekkjer fram symbollikskap som dokumentasjon på samanhengar, og som dermed gjev grobotn for konspirasjonsteoriar, og får støtte frå Danielsen.

– Med dei to utheva s-ane i logoen på det store banneret der kan det jo verke som at det er nokon andre som eigentleg står bak Studentersamfunnet, seier ein smilande Danielsen.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

Døme på konspirasjonsteoriar

KGB, CIA og Fidel Castro sto bak drapet på den amerikanske presidenten John F. Kennedy.

Legemiddelindustrien har funne ein kur mot kreft, men tener meir pengar på sal av medisinar dersom kuren haldast løynd.

Den engelske kongefamilien sto bak drapet på prinsesse Diana fordi ho planla å konvertere til islam etter å ha truffe sin egyptiske kjæreste Dodi Al-Fayed.

Månelandingane fann aldri stad, men var sett i scene av NASA.

USA visste at Japan kom til å angripe Pearl Harbour i 1941, men hindra det ikkje fordi president Roosevelt trong ei årsak for å gå til krig.Michael Jackson lever framleis. Han sette i scene sin eigen død for å sleppe unna massive gjeldskrav.