Færre land avrettar fleire

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landa som avrettar avretta i høgt tempo i 2011, men det er langt færre land som praktiserar dødsstraff enn for berre ti år sidan, skriv Amnesty International i sin årlege rapport om dødsstraff.

Kun 10 prosent, eller 20 av 198 land, utførte avrettingar i fjor. Totalt vart 676 personar avretta, utanom Kina, som ikkje gjev offisielle tal, og òg utan å ta omsyn til at land som Iran sannsynlegvis har utført mange avrettingar som ikkje er offisielt vedgått.

Avrettingane var straff for ulike ting i ulike land. I Iran var utruskap og homosekselle handlingar hovudårsak, i Pakistan var det blasfemi, trolldom i Saudi-Arabia, handel med menneskebein i Kongo, og narkotikarelaterte aktivitetar i meir enn ti land.

Avrettingsmetodane var halshogging, henging, gift og skyting.

– Nesten alle land har gått vekk i frå bruk av dødsstraff, seier Salil Shetty, generalsekretær i Amnesty International.

– Bodskapen til leiarane av den isolerte minoriteten av land som held fram med avrettingar er klar: De er i utakt med resten av verda i denne saka og det er på tide at de tek steg for å ende denne grusame, umenneskelege og nedverdigande straffemetoden.

Størst vekst i Midtausten
I Midt-Austen har talet på avrettingar auka med 50 prosent frå 2010. Desse var hovudsakleg i fire land, Irak, Iran, Saudi-Arabia og Jemen. Desse fire hadde til saman 99 prosent av alle avrettingar i Midt-Austen og Nord-Afrika. Iran hadde, med 360 offisielle avrettingar, omlag halvparten av avrettingane i heile verda i 2011. Amnesty har grunn til å tru at talet i Iran eigentleg ligg på omlag det dobbelte av det som blir vedkjend av styresmaktene i landet.

Tusenvis av menneske vart avretta i Kina, meir enn resten av verda til saman, men det finst ikkje offisielle tal, ettersom desse blir rekna som ein statleg løyndom.

USA var det einaste landet i Amerika, og det einaste medlemmet av G8, som avrettar fangar, 43 i 2011. Kviterussland var det einaste landet i det tidlegare Sovjetsamveldet og Europa som vedgjekk å ha gjennomført avrettingar. I heile Stillehavsregionen var det kun fem, alle i Papua Ny Guinea.

I Kviterussland og Vietnam vart ikkje fangane informerte om at dei skulle bli avretta, og familiane og advokatane vart heller ikkje informerte. Offentlege avrettingar vart gjennomførte I Nord-Korea, Saudi-Arabia, Somalia og Iran.

I dei aller fleste landa der folk vart dømt til avretting var rettsakene ikkje rettvise etter internasjonale standardar. Tortur vart nytta til å tvinge folk til å tilstå det dei var skulda for i Kina, Iran, Irak, Nord-Korea og Saudi-Arabia.

Det var hovudsakleg utlendingar som vart avretta/dømt til døden, særleg i Saudi-Arabia, Malaysia, Singapore og Thailand.

LES OGSÅ: – Regimet fryktar dei unge

Lyspunkt i mørket
13 kriminelle handlingar vart fjerna frå lista over handlingar som kan straffast med avretting i Kina, og det vart freista å fjerne torturmetodar og styrke rolla til forsvarsadvokatar.

I USA var det langt færre avrettingar enn ti år tidlegare, og Illinois vart den 16. staten som avskaffa dødsstraff.

– Sjølv i den vesle gruppa med land som avretta fangar i 2011 kan vi sjå utvikling. Det er små steg, men slike tiltak har synt seg før å leie til avskaffing av dødsstraff før, sa Salil Shetty.

– Det vil ikkje kome over natta, men vi er sikre på at dagen då dødsstraff er historie vil kome. 

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

Stoda i ulike regionar  
Amerika
USA var den einaste staten med dødsstraff på det amerikanske kontinentet. Totalt 43 avrettingar fann stad i 13 av dei 34 statane som held på straffemetoden, omlag 33 prosent mindre enn i 2001 , og 78 nye vart dømt til dødsstraff, som er ei reduksjon på 50 prosent sidan 2001.

Karibia
Ingen vart avretta i denne regionen, men tre land dømte totalt 6 personar til dødsstraff: Guyana, Saint Lucia og Trinidad og Tobago.

Asia-Stillehavet
Utanom Kina var det 51 avrettingar i 7 land i 2011. 833 vart dømt til dødsstraff av totalt 18 land. Ingen avrettingar vart utførte i Singapore og Japan, to land som tidlegare har vore sterke tilhengjarar av dødsstraff.

Afrika sør for Sahara
Det var ei positiv utvikling i store delar av denne regionen: Benin vedtok avskaffing av dødsstraff, Sierra Leone og Nigeria gjorde det klart at dei ville førebels avslutte bruken av dødsstraff og grunnlovskommisjonen i Ghana tilrådde avskaffing av straffemetoden i landet. Dei 22 avrettingane som fann stad i regionen var hovudsakleg i tre land: Somalia, Sudan og Sør-Sudan. Kun 14 av 49 land i denne regionen blir rekna som land med dødsstraff.

Midt-Austen og Nord-Afrika
Minst 558 avretta i åtte land, hovudsakleg i Iran, Irak, Saudi-Arabia og Jemen. 

Minst 750 vart dømt til døden i 15 land.

Styresmaktene i Algerie, Jordan, Kuwait, Libanon, Marokko/Vest-Sahara og Qatar dømte folk til dødsstraff, men haldt fram med å utsetje avrettingar.

Europa and Sentral-Asia
Kviterussland var det einaste landet som avretta fangar i heile denne regionen. 2 vart avretta i 2011 i dette landet.