Ingvild vil nå toppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire ungdommar bruker blogging for å dela bileter, tankar og meingar med andre. Dei mest populære bloggarane tenar pengar på å skriva om kvardagen sin.

For mange fungerer dette som ei offentleg dagbok på nett. Den store bloggtrenden har også funne vegen her til Sunnhordland. For tida er det Ingvild Aasheim frå Stord som har kapra førsteplassen på lista over dei mest leste bloggarane på Stord. Me besøker Ingvild heime i huset hennar i Sagvåg for å ta ein prat om bloggen, fotografering og ein kvardag med diagnosen ME.

Bloggar om kvardagen
Tre timar dagleg brukar Ingvild på å oppdatera sine 300-400 faste blogglesarar.

– Eg bloggar for det meste om kvardagen min og interessa for fotografering. Eg legg ut bilete av klede, natur, ting, folk og andre kvardagslege ting, fortel femtenåringen.

– Kva gjer du dei dagane du ikkje har inspirasjon til å blogga då?

– Eg prøver å blogga uansett. Om eg ikkje har noko å skriva om, prøver eg likevel å leggja ut nokre bilete.

Ho let seg ofte inspirera av andre bloggarar når ho skal koma på noko å blogga om sjølv.

– Det var då eg las ein annan blogg for to år sidan at eg vart inspirert og fekk lyst til å starta sjølv, fortel ho.

Bloggar om diagnosen ME
Ingvild bloggar også ein del om sin kvardag med diagnosen ME (kronisk utmattelse). Diagnosen gjer at ho blir veldig lett utmatta og sliten.

På bloggen fortel Ingvild at det inneber både gode og dårlege periodar. Ho fortel at ME heilt klart påverkar kvardagen hennar mykje.

– Diagnosen gjer at eg ikkje er så mykje på skulen. Nokre dagar orkar eg heller ikkje å blogga, seier ho.

Det at ho er open om diagnosen på bloggen, gjer at ho også er til hjelp for andre som slit med det same.

– Gjennom bloggen har eg faktisk fått kontakt med andre som også slit med ME, seier ho.

Foreldra var skeptiske
Ingvild har til no fått mykje positiv respons på bloggen sin, og ho får sjeldan negative kommentarar. Også venene stiller seg positivt til blogginga, og synest det er kjekt å følgja med på bloggen hennar. Ho har også to venner som bloggar sjølv.
– Kva seier foreldra dine til at du bloggar?

– Eg heldt bloggen skjult i eitt år før eg fortalte om den til foreldra mine. I starten var dei veldig skeptiske, men no synest dei det er heilt greitt, fortel ho.

Ein aktiv bloggar
Nokre dagar hender det at Ingvild har opptil 800 sidevisningar på bloggen sin, men kvifor han har blitt så populær veit ho ikkje.

– Eg er ein veldig aktiv bloggar som ofte oppdaterer med nye innlegg, eg trur dette kan vera litt av grunnen til at så mange les bloggen min, konkluderer femtenåringen.

Ingvild tenar førebels ikkje pengar på bloggen, bortsett frå den eine gongen då ho var sponsa.

– Eg fekk sponsa 800 kroner av ei kasinonettside, dei tok kontakt med meg og spurte om dei kunne sponsa meg.

Les òg: Nynorsken ikkje noko hinder
 

Vil nå topplista
Ingvild sitt råd til andre som vil nå like langt er å vera ein aktiv bloggar.

– Du bør også ta alle bileta du legg ut sjølv, og ikkje bruka bilete frå Google, legg ho til.

– Har du nokre mål eller framtidsplanar med bloggen din?

– Det hadde vore kjekt å fått endå fleire lesarar. Målet er å nå topplista over dei mest populære bloggarane i Noreg, avsluttar ho.