Ei ny undersøking viser at innbyggjarane i små kommunar er dei mest nøgde i landet. Ingen av dei største kommunane er i nærleiken av ti-på-topp-lista.

NPK-NTB
NPK-NTB

Rundt 100 kommunar har vore med i borgarundersøkinga, som er gjennomført av Sentio. Innbyggjarane har blitt spurt om å rangere tenestetilbodet, bustadforholda, tryggleik, demokrati og organisasjonsforhold, skriv Nationen.

På topp kjem Modalen kommune i Hordaland. Med berre 370 innbyggjarar er kraftkommunen Modalen den nest minste kommunen i landet målt i talet på innbyggjarar. På andreplass kjem Rindal kommune i Møre og Romsdal (2.088 innbyggjarar) og på tredjeplass Fedje kommune i Hordaland (576 innbyggjarar).

– Små kommunar scorar høgt. Eg er absolutt ikkje dogmatisk motstandar av kommunesamanslåingar, men kvar er behovet for samanslåing? spør ordførar Ola T. Heggem (Sp) i Rindal kommune, som enda på andreplass i undersøkinga, men som tidlegare har vorte kåra til beste bustadkommune i Levekårsundersøkinga i 2005.

Les òg: Difor blir det ikkje samanslåing

Største kommune blant dei ti øvste er Selbu, med 4.042 innbyggjarar.

Berre i spørsmålet om bustadforhold nådde ein av dei største kommunane i landet opp, Trondheim vart kåra til best i den eine kategorien, men nådde ikkje opp samanlagt. (©NPK)

Les òg: Mindre skepsis til storkommunar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE