Ta sykkelen ut, det er vår!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje meir morosamt å sykle på ein sykkel som er i god form, seier informasjonssjef i Syklistenes Landsforening, Hulda Tronstad Nydal.

Ho viser til at vedlikehald gjer at sykkelen varer lenger. Uansett om sykkelen er billeg eller dyr er det god økonomi i vedlikehald.

Skit, smuss og eventuelt vegsalt frå vinterbruk slit på sykkelen, og han kan byrje å ruste. Å stelle sykkelen før ny sesong er enkelt og krev lite utstyr.

– Det er ikkje noko hokuspokus. Ein brukar eit kvarter, og det er det verdt, seier Tronstad Nydal.

To enkle bod
To enkle handlingar er basisen i godt sykkelvedlikehald. Det første sykkelbodet landsforeininga kjem med er ganske enkelt å halde sykkelen rein.

For ein grei vask treng ein oppvaskmiddel av typen Zalo eller liknande, Citrus reinsevæske til ekstra skitne delar, eingongshanskar, bøtte, svamp eller klut, ei gammal tannbørste eller oppvaskkost og aviser til å dekkje underlaget med.

Det er lurt å starte vasken frå toppen der sykkelen er reinast og arbeide seg nedover. Den gamle tannbørsten eller oppvaskkosten er fine reiskapar til å reingjere kjeda. Til slutt bør ein finne fram hageslangen og skylje av sykkelen. Ikkje bruk høgtrykksspylar, den er for kraftig for sykkelen, tilrår Tronstad Nydal.

Instruksjonsvideo for klargjering av sykkel for våren

Sjekk bremser og gir
Når sykkelen er rein og fin, er det bod to som gjeld. Smørjing er saman med vasken den enklaste og billegaste måten å halde ved like ein sykkel på, meiner foreininga. Her kan ein bruke ein universal teflonspray eller olje.

– Ein universalspray med teflon smør godt og legg igjen ei beskyttande hinne, og trekkjer ikkje til seg så mykje skit som vanleg sykkelolje, opplyser Syklistenes Landsforening.

Ein slik spray kan brukast både når ein skal smørje kjeda, gir, bremse- og girvaierar og dempegaffelen. Kort sagt bør alle rørlege delar på sykkelen smørjast. Når det er gjort, bør overflatene tørkast av. Overskot av olje samlar nemleg støv og skit.

Når sykkelen er vaska og smurt, bør ein sjekke at bremsene og gira verkar som dei skal.

– Når det gjeld bremsene og gira, er det å losne strømpene og smørje dei. Det er ikkje vanskeleg, men mange kvir seg for det. Det er viktig å sjå godt på bremsesystemet, då blir det lettare neste gong. Ein blir ikkje verdsmeister med éin gong. Har ein ikkje gjort det før, kan det vere greitt å spørje nokon, seier Tronstad Nydal.

Les òg: Sparar millionar på sykkelsatsing

Start med lett gir
Ho rår også til å tilpasse setet for å få god sitjestilling og byrje sesongen med å sykle på lett gir for å unngå belasting på knea.

Informasjonssjefen viser til at mange syklar og at mange òg har oppdaga sykkelen som treningsverktøy. Syklistenes Landsforening er opptekne av at folk òg skal bruke sykkelen på korte strekningar til skule, barnehage, butikk og jobb.

– På korte distansar går det vel så fort. Både for eigen kropp, av omsyn til samfunnet og miljøet, er det smart å gjere korte turar til sykkelturar, seier Tronstad Nydal.

Ho fortel om bakgrunnstal frå reisevaneundersøkingar som syner at mange kan tenkje seg å sykle til jobben. For mange er det likevel ein bøyg å få sykkelen ut av garasjen.

– Ein treng ikkje avansert utstyr, ein treng berre sykkelen. Det er innstillinga som seier noko om ein kan sykle eller ikkje, seier ho. (©NPK)

Les òg: Halvparten brukar hjelm