Kan bli den første norske partileiaren med ikkje-vestleg bakgrunn.

mm

Landsmøtet til FpU skal velje nytt sentralstyre 24-25. mars. Gulati er einaste kandidat til leiarvervet.

Han har vore aktiv i Frp og FpU sidan 2007, og han har mellom anna vore byrådssekretær i Oslo kommune. Han var berre 15 år då han melde seg inn i ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet.

– Vi spøkar ofte med fordomane folk har imot oss Frp-arar. Eg er med i Frp fordi det er det partiet som tør der andre teier. Vi bryr oss ikkje om kva som er politisk korrekt, men snakkar rett ifrå levra, seier han til NRK.

LES OGSÅ: Kvit leiing av ungdomspartia

Gulati seier vidare at han vil jobbe for ei ny regjering som dreg landet ei anna retning og syt for meir fridom for alle.

Ingen av dei andre partia har leiar med innvandrarbakgrunn.

Mange nye fjes
Mange sentralstyremedlemmer tek ikkje gjenval, noko som opnar opp for mange nye fjes i leiinga til FpU. Valkomiteen har gått inn for Eskil Moen som 1. nestformann. Han leiar i dag Hordaland FpU. Sivert Bjørnstad, konstituert sentralstyremedlem og fylkesformann i Sør-Trøndelag FpU, er tilrådd som 2. nestformann.

LES OGSÅ: Rekordvekst for ungdomspartia

Som sentralstyremedlemmer har valkomitéen foreslått Julia Brännstrøm (Østfold), Karine Skaret (Hedmark), Erik Tørrissen (Møre og Romsdal) og Atle Simonsen (Rogaland). Skaret og Tørrissen har vore varamedlemmer i sentralstyret, medan Simonsen er foreslått på å fortsette som sentralstyremedlem. Petter Kvinge Tvedt og Helene Bjerke Fredheim går av som sentralstyremedlemmer.

Ingenting er avgjord. Da noverande leiar Ove Vanebo la fram tilråinga var han klar på at det var fleire gode kandidatar til både verva som nestformenn og sentralstyremedlemmer, og at det er mogleg å utfordre dei tilrådde kandidatane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

Kommentarar

ANNONSE