Vanskeleg for lokale bakeri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utfordringa for dei små og lokale bakeria er å få tilgang til marknaden. Det har dei siste åra vorte ein forverra marknadssituasjon, seier president Garman Bore i Bakeri- og konditori-bransjens landsforening (BKLF) til Nationen.

Han peikar på at det har blitt vanskelegare for bakeria å få innpass hos daglegvarekjedene. Aukande import av brød og bakerivarer er dessutan med på å skjerpe konkurransen og gjera situasjonen verre.

For mange bakeri er det lite lys i tunnelen.

– I dag er det veldig mange små bedrifter. Talet har gått kraftig attende dei siste åra, denne trenden vil halda fram, seier Bore.

Forskar Jakob Utgård ved Handelshøyskolen BI rår bakeria til å finna sin eigen nisje.

– Bedrifter som lykkast har gjerne funne seg sin eigen nisje. Dei som driv på same måte som før, blir i dag pressa i marknaden. Samstundes er det framleis mange bakeri som har avtalar med kjedene. Men bedrifter som ikkje klarar å driva effektivt på sikt, vil forsvinna, spår Utgård.