Dristige svev på kaien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjellsport Challenge er nytt av året, og er del av Fjellsportfestivalen som er godt i gang. Torsdag ettermiddag stilte ti sporty lag til start i Sogndal i ein publikumsvenleg og uhøgtideleg konkurranse med fleire øvingar: bruskasseklatring, hesteskikøyring og hopp i fjorden på ski.

Litt knall og fall i sørpesnøen, men også imponerande måter å løysa etappane på. Og ikkje minst: deltakarane samla inn pengar til gode føremål under heile konkurransen, og det kom inn over 18.000 kroner.

Visste lite
Deltakarane kasta seg ut i det på fleire vis.

– Me ante ikkje kva me gjekk til bortsett frå ei øving me fekk vita om i går, seier jentene på smurfelaget, Katrine Skalleberg, Agnete Økland og Kari H. Andreassen.

Sjå bileteserie!

– Det er gøy med så mange ulike folk, og det er kjekt at heile bygda er med, seier dei, glade og nøgde etter vel gjennomført konkurranse.

Mange lag bestod av studentar. Men SISOF og høgskulen, politiet og ordføraren stilte alle med lag. Det vart lokka med at ein kunne sjå sogndalsordførar Jarle Aarvoll hoppa på fjorden. Han overlot fjordetappen til Vibeke Johnsen, men Aarvoll hoppa ut i det til slutt, han og.

Premien til hovudvinnaren er ein bil, ei Fjellsportboble, og vinnaren blir kåra på Fjellsportkvelden seinare.

Les saka i Sogn Avis!