– Mange vil ut i skredfarleg terreng

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir aktiv livshjelp i fjellet

Før var me redde naturkreftene. I dag er det stadig fleire som driv med oppsøkjande brattkøyring. Sist helg gjekk det to skred i Hemsedal, som følgje av toppturgåarar.

Ivrig toppturist sjølv
– Det er ikkje noko problem å gå i fjellet, viss ein veit kva ein skal sjå etter, seier Per Ola Seim. Den erfarne fjellmannen frå Hemsedal er sjølv ein ivrig toppturist. Nyleg er han komen heim frå topptur nær St. Anton, der den nederlandske prins Johan Friso nyleg vart tatt i skred. Seim han har aldri løyst ut eller blitt tatt av skred sjølv. Han har derimot drive med skredsikring eit langt liv. Til dagleg er han del av skipatruljen i Hemsedal Skisenter. Han er også av dei som frivillig er med å leite etter dei som blir tatt.

Feig og stolt av det
Ikkje sjeldan har han gått ned frå toppen slik han kom opp, eller lagt om ruta, fordi forholda tilsa det.

– Ja, eg er feig, og stolt av det. Det er ingenting som heiter at ein må køyre sjølv om ein har slite seg til topps.

– Er det eit kick å surfe på eit skred?

– Kanskje med det same. Det er eigentleg adrenalin, fordi ein er redd. Når folk etterpå forstår kor heldig ein er som overlevde, endrar nok det seg. Hadde ein ikkje respekt for fjellet før, får ein det då.

SJEKK KVAR DET ER STØRST SNØSKREDFARE NO!

Skortar på kunnskap
Når det gjeld kunnskap om fjellet, meiner Seim det er fleire ting det skortar på. Blant anna misforstår folk skalaen for skredfare. Skalaen går frå 1 til 5 og doblar seg for kvart nivå.

– Står det oppgitt faregrad 2 trekkjer folk ofte på skuldrene, men det er livsfarleg, meiner Seim.

Fleire skiløparar som går tett samtidig i eit slikt område kan vere nok til å løyse ut skred.

Skredfare 5 gjeld berre såkalla hundreårsskred.

– Det skortar på kunnskap. Det ville ikkje vore skredulykker dersom folk hadde forstått kva som er for bratt. Folk må bli betre til å lese forhold rundt nedbør, vind og terreng. Dei bør planleggje meir heime, seier han.

Må redde seg sjølv
Dersom ein vel å gå i terreng der det kan gå skred så ta i alle fall med spade, søkestav og sendar/mottakar. Kameratredning kan vere einaste håpet for å overleve om ein blir fanga under snømassane. Etter 15 minutt er håpet ute. Luftlomma rundt ansiktet blir då til is og ein blir kvelt. Sjølv med rask reaksjonstid vil hjelpemannskap som regel vera for seint ute.

Liv vil gå tapt
Sjølv meiner han det aldri er mogleg å garantere seg 100 prosent mot skredfaren. Det vil vere både sesongvariasjonar og variasjonar frå eitt år til eit anna. I vintrar med lite snø og mykje vind, slik som no, er faren stor.

– Det einaste som er sikkert at det vil gå skred igjen, og at liv vil gå tapt. Statistisk er det i vintrar med lite snø folk døyr. Ein har kanskje valet mellom stein og mose og freistande men farlege snøfonner, seier Seim.

Først om våren, etter førefall, når snøen er meir kompakt og utan svake lag, er det rimeleg trygt.

Folk må bli betre til å lese forhold rundt nedbør, vind og terreng.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!