Sogning kan vinna svensk Grand Prix

Laurdag skal sogningen Christer Sjølie af Geijerstam opptre i den svenske Melodifestivalen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sogning kan vinna svensk MGP

Laurdag er det klart for delfinale i Leksand i den svenske versjonen av Melodi Grand Prix. Der deltek Christer Sjølie af Geijerstam (19) fra Gaupne i boybandet Youngblood med låten "Youngblood".

Høyr ein smakebit på nettsidene til SVT!

Christer fortel at førebuingane har vore bra.

– Mykje dansetrening og songtrening har måtta til for å gjera nummeret vårt så bra som mogeleg. Me har til og med trent mykje styrke og kondis, ettersom me syng og dansar samtidig.

Suksessrike låtskrivarar
Det å få opptre i Melodifestivalen tykkjer han er stort.

– Her er eg, liksom. Ein liten gut fra Gaupne i Sogn og Fjordane som får jobba tett i tett med nokre av Sveriges beste låtskrivarar. Fredrik Kempe har skrive vinnerlåtane for Sverige dei siste tre åra, mellom dei songen "Popular" med Eric Saade, og David Kreuger har skrive "If i let you go" og mange av songane til Westlife og Britney Spears.

Les og: Christer til svensk MGP

Han håper og trur dei kan gå vidare i konkurransen frå delfinalen.

– Me har ein utroleg sterk låt, tykkjer eg. Han er lett å kjenna att, og me har eit fantastisk scenenummer. Eg trur me har gode sjansar til å koma til finalen i Globen 11. mars. Men det mange dyktige og vel etablerte artistar, så ein kan aldri vita.

I Sverige er det slik at dei to artistane som får flest stemmer, går direkte til finalen, medan dei to neste får mogelegheit i det som heiter andresjansen.

Kjem med album
– Det hadde vore veldig kjekt å koma til finalen og eventuelt vinna og representera Sverige. Men me får ta ein dag om gongen og sjå kva som skjer.

Christer kan også fortelja at dei akkurat er ferdige med eit album, som kjem ut om få veker.

Delfinalen vert sendt på SVT laurdag kveld. Youngblood er først ut blant dei åtte artistane som skal konkurrera om finaleplass denne kvelden.

Les saka i Sogn Avis!