– Utfordrande å nå stort publikum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– For eit lite regionteater som Sogn og Fjordane Teater (SoFt), er det blitt svært utfordrande å nå store publikumsgrupper dei siste åra, særleg om stykka ikkje handlar om noko som har ei lokal forankring (ein historisk kjend person, ei hending med utspring her), har kjende titlar, kjendisar eller er underhaldande i tydinga musikkteater eller komediar, skriv Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, i ein blogg på Kulturnett Sogn og Fjordane.

Ulike krav
Institusjonsteatra mottek offentleg støtte, og med statstilskotet følgjer krav om kva dei skal driva med. Hovudmålet skal vera å gje publikum eit profesjonelt scenekunsttilbod av høg kvalitet.

Ved sidan av pålegga frå departementet, har teatra vedtekter utforma av eigarane. Vedtektene til SoFt seier til dømes at teatret er ein naturleg del av eit samla kulturtilbod i fylket og at teatret skal fremja amatørteaterarbeidet i fylket.

– Eigarane sine vedtekter og departementet sine pålegg har med andre ord ingenting til felles. På den eine sida sit rikspolitikarar og departementsfolk med kunstnariske og politiske ideal, og ikkje minst pengar. På den andre sida sit lokale og regionale politikarar med lite pengar og eit sterkt håp om høge nok besøkstal som kan rettferdiggjere eksistensen til teatret, skriv Lyngstad.

Balansekunst
Han kallar difor jobben han har ein balansekunst mellom å velja teaterstykke og utvikla prosjekt som kan vera interessante kunstnarisk, samstundes som det skal treffa publikum av ein viss storleik.

– Spørsmålet er om me i eit fylke med så få innbyggarar, spreidde over eit stort område, har nok folk som er interesserte i å ta imot det den profesjonelle kunsten tilbyr.

Han meiner kåra i fylket er dei same for biletkunsten og andre profesjonelle kunstuttrykk, som for teateret.

– Kva for retning skal kunstlivet i Sogn og Fjordane gå for å utvikla seg og nå eit så stort publikum som muleg? Skal det driva i samsvar med samfunnsoppdraget; å vere trufast mot strenge kunstnarlege krav? Eller skal me springa etter kortsiktige gevinstar i lett underhaldning for massane? spør han i bloggen.

Les saka i Sogn Avis!

Heile bloggen kan du lesa på Kulturnett Sogn og Fjordane!

 

Kva meiner du? Sei meininga di i kommentarfeltet under!