Jaktar på sirkustalent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det hundre år sidan sirkuskongen Arne Arnardo blei fødd. Det markerer Cirkus Arnardo med å lysa ut ein talentkonkurranse for ungdommar som drøymer om å bli sirkusartist.

– Cirkus Arnardo er eit resultat av den store draumen hans. Dette året er det naturleg å heidra han ved å sleppa til unge som ber på den same draumen, seier sirkusdirektør Arild Arnardo.

Han fortel at Cirkus Arnardo har fått mange spørsmål frå ivrige ungdommar som har gått på kurs for å læra sjonglering, linedans og luft-akrobatikk.

– Eg veit det finst mange dyktige talent, og desse får no høve til å visa kva dei kan på ein profesjonell arena, seier Arnardo.

I samband med at sirkuset legg ut på turne, blir det arrangert ei rekkje artistprøvar, og der ein fagjury kårar regionale vinnarar.

I september blir det klart kven som blir den nasjonale vinnaren. Han eller ho som går til topps får ein seks månaders lang kontrakt hos Cirkus Arnardo neste år. (©NPK)