Førsteamanuensis i litteraturvitskap meinar forfattarstanden i Noreg er unormalt stor. Bokdebutant Charlotte Kirkebø Riise er heilt ueinig.

Anette Hjelle Volden/Studvest
Anette Hjelle Volden/Studvest

Frå 2000 til 2010 auka tida ein bruker på å lese bøker med fire prosent. I same tidsrom auka talet på bokutgjevingar med 29 prosent. Charlotte Kirkebø Riise, som nettopp har kome ut med si første diktsamling, synest likevel ikkje det er for mange forfattarar.

– Da kan jo ein byrje å seie at det er for mange musikarar, biletkunstnarar og filmskaparar. Dei som vil skrive, skriv, og nokre er heldige og får gi ut bok, seier Charlotte Kirkebø Riise, bokdebutant og student.

– For lett
Frode Helmich Pedersen, førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, meinar det er både bra og dårleg at det er mange som gir ut bøker.

– På ein måte gjer dette at fleire får ut stemmene sine, men på den andre sida så vil kvar og ein få mindre merksemd, og dette gjer at dei verkeleg gode forfattarane får færre lesarar, meinar han.

Helmich Pedersen får støtte av forfattar Terje Holtet Larsen.

LES OGSÅ: På listetoppen før boka er gjeven ut

– Det blir jo gitt ut langt fleire bøker enn det marknaden, apparatet og befolkingen kan ta i mot, meinar Holtet Larsen, som meinar løysinga er brutal:

– Ein må gi ut mindre bøker. Det er mange bøker som forsvinn, fordi dei ikkje får det store gjennombrotet, seier han.

– Fremjar norske forfattarar
Helmich Pedersen meiner at norsk kulturpolitikk med innkjøpsordninga fremjar norske forfattarar for mykje, og at dette gjer at me får ein unaturleg stor forfattarstand.

– Forlaga er blitt ganske proffe, og det er sjeldan me les ei bok som er håplaus. Likevel meinar eg det er mange intetsigande bøker. Eg meinar det er eit større problem enn det forfattarane og forlaga seier, fortel førsteamanuensisen.

Bokdebutant Kirkebø Riise er ueinig med Helmich Pedersen.

LES SISTE BOKNYTT HER!

– Innkjøpsordninga gir ein økonomisk garanti slik at det går an å leve av å skrive, og det er nødvendig, seier den unge bokdebutanten.

Forfattar Holtet Larsen trur innkjøpsordninga er delar av årsaka til den store forfattarstanden.

– Eg hørte ein gong at Noreg har fleire forfattarar enn Frankrike. Eg trur innkjøpsordninga er ein del av forklaringa. Det er for mange bøker i Noreg, det er det ingen tvil om, meiner forfattaren.

Vanskeleg debutanttid
Helmich Pedersen meiner det kan vere vanskeleg for debutantane å markere seg.

– Det går ofte på førehandsomtalar om bøker blir kritisert og får merksemd. Likevel trur eg svaret er ganske enkelt, og det er kvalitet, meiner han.

LES OGSÅ: 21 år og forlagssjef

Seksjonsleiar for litteratur i Norsk Kulturråd, Mari Finess, forklarer at dei prøver å nå ut til så mange som mogleg.

– Å debutere med ei bok kan vere både ei stor glede – dersom ein får gode meldingar, og eit stort vonbrot viss ein ikkje blir meldt i det heile tatt, seier seksjonsleiaren.

LES SAKA I STUDVEST!

Kva meiner du? Blir det gjeve ut for mange bøker i Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE