Stor mangel på arbeidskraft

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hordaland og Vestlandet nyt godt av høg aktivitet og oljesmurt vekst for verksemder og regionar tett knyt til petroleumsnæringa.

Utsiktane er likevel todelt og meir usikre for den eksportretta delen av næringslivet. I tillegg er mangel på kvalifisert arbeidskraft eit hinder for vidare vekst i fylket.
 
Dei fleste pilane peikar oppover, men grunna uvisse om eksportmarkanden ventar NAV ein auke i arbeidsløysa, som er på 2,2% i Hordaland pr desember 2011. På enkelte område er investeringslysta på veg nedover.

Forventingane, som Næringsbarometeret 2012 Hordaland presenterer, peikar svakt oppover samanlikna med tilsvarande måling for eitt år sidan. Den positive utviklinga sidan botnåret 2009 ser ut til å halda fram trass i krisesignala frå internasjonal og særleg europeisk økonomi.  

Regionale variasjonar
Næringslivet sine forventningar til 2012 varierer mellom regionane i Hordaland. Størst optimisme er det i Region Vest med kommunane Sund, Fjell, Askøy og Øygarden. Også bergensregionen (Bergen og Os) ligg høgt samanlikna med resten av fylket.

I Nordhordland er det sterk vekst i områda rundt Mongstad og nedgang i andre område. Situasjonen i Sunnhordland er tilsvarande, der dei ytre kystkommunane er prega av sterkare vekst enn dei indre områda.

Forventningane i Hardanger og Midthordland ligg noko under Bergensregionen og Region Vest, men markert over Sunnhordland og Nordhordland.

Små variasjonar mellom næringane
For byggjenæringane og industrien er utsikta betre enn i fjor.

Industri
Fire av ti industriverksemder reknar med auke i talet på tilsette i 2012. Om lag like mange ser for seg at lønsemda skal verta betre og over 60 % ventar større omsetnad. Industrien får solide vekstsignal frå auka oljeaktivitet. Optimismen er då også størst i den petroleumsretta delen av industrien. Noko uvisse knyter seg til at investeringsindeksen peikar svakt nedover.

Transport og enegroshandel
Transport og engroshandel merkar uroa i verdsøkonomien godt, likevel ligg det an til vekst i 2012. Optimisme er markert høgast hjå verksemder som leverer tenester til petroleumsnæringane. For shipping ser 2012 ut til verta eit krevjande år grunna låge ratar og overskotskapasitet.

Bank og finans
Trass urolege finansmarknader er stemninga blant verksemdene innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting grunnleggjande optimistisk. Om lag halvparten av bedriftene ventar auke både i omsetning og resultat.

Varer og tenester
Etter to gode år for varehandel og personleg tenesteyting, er verksemdene no meir varsame som følgje av uroa i verdsmarknaden. Forventningane har ikkje vore lågare sidan finanskrisa i 2009 – men framleis ligg det an til vekst.

Reiseliv
I 2011 hadde Hordaland 5 % vekst i internasjonale gjestedøgn, medan det var stagnasjon i landet sett under eitt. Reiselivsnæringa på Vestlandet ser lyst på 2012, med cruisetrafikken som den store vinnaren. Samtidig uroar næringa seg over konsekvensane av utviklinga i resten av Europa.

Cruisesesongen 2012 vil slå alle rekordar, særleg gjeld det Bergen og Eidfjord. På den andre sida smertar enno tapet av englandsbåten.

Havbruk
Innan fiskeri og havbruk er det no lågare etterspurnad og auka konkurranse, noko som pressar prisane og gjer marknaden meir uviss. Hordaland er det nest største oppdrettsfylket i landet med ein omsetnad på over 5 milliardar kroner i 2010. Grunna prisnedgang vart omsetnaden redusert med 580 mill. kr i 2011 sjølv om eksportvolumet var rekordhøgt. Men med betre rammevilkår er potensialet stort. Ekspertane trur produksjonen av laks kan tidoblast.

Manglande arbeidskraft – kan bremse vekst
Talet på sysselsette i Hordaland auka med 5000 personar (2 %) frå 3. kvartal 2010 til same tidspunkt i fjor. I år ventar rundt 40 % av verksemdene vekst i talet på tilsette. Den estimerte sysselsetjingsveksten er på 1,7 %.

20 prosent av verksemdene har ledige stillingar på grunn av vanskar med å finna kvalifisert personell. Det er størst mangel på fagarbeidarar og ingeniørar. I byggjenæringane melder heile 89 % av verksemdene at dei slit med å skaffa fagarbeidarar. Samla tal for alle næringane er 67 %. Vanskar med å skaffa ingeniørar er eit problem for 29 % av verksemdene. Av industriverksemdene slit 48 % med ingeniørmangel.

I 2012 er det venta investeringar i olje- og gassverksemda for 186 milliardar kroner. Ein stor del av desse investeringane vil koma leverandørindustrien i Hordaland til gode. Optimismen i verksemder med petroleumsretta omsetning er då også høgare enn i andre bransjar. Men ei utfordring for petroleumsnæringane er at dei har rekrutteringsvanskar. 40 % har vanskar med å skaffa nok ingeniørar og 60 % finn ikkje så mange fagarbeidarar som dei treng.
 

Om Næringsbarometeret
Frå 2012 vert Næringsbarometeret utgjeve i fylkesvise rapportar for Hordaland og Sogn og Fjordane, med auka fokus på sentrale tema i kvart av fylka. Hordaland sin rapport vert lansert 7. februar, medan Sogn og Fjordane lanserer sin rapport den 10. februar.

Næringsbarometeret er utarbeidd i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, NHO, Innovasjon Norge og Ideas2evidence.