«Kompani Orheim» vann laurdag den store nordiske filmprisen i Göteborg.

mm

Filmen har ikkje norsk premiere før 2. mars. Men laurdag vann filmen prisen for beste nordiske film under Göteborg internasjonale filmfestival.

«Kompani Orheim» er tredje film frå bokserien til Tore Renberg om Jarle Klepp, og ein dei største filmsatsingane i Noreg i år.

– Dette er ein fantastisk start for «Kompani Orheim»! Etter å ha jobba med filmatiseringa over fem år, er det enormt tilfredsstillande å ta i mot ein stor og viktig pris som denne like etter verdspremieren. No gler me oss stort til å visa filmen for publikum heime i Noreg, seier regissør Arild Andresen etter å ha mottatt prisen.

Den norske filmen vart synt fram på filmfestivalen førre helg. Då var reaksjonane stort sett positive.

Brutal far
I hovudrollene i filmen finn me Kristoffer Joner, som speler Terje Orheim, og Vebjørn Enger i rolla som Jarle Klepp. Filmen handlar om Jarle sitt kompliserte forhold til faren, og korleis faren sine alkoholproblem og brutalitet slit den vesle familien i sund.

– Me trur at dette har vore, og framleis er, den fryktelege erfaringa mange barn gjer seg, å bli moralsk, psykisk og til og med fysisk mishandla av faren sin. Utan å få noko hjelp av mora si, sa juryen om kvifor filmen fekk prisen.

LES MEIR: Kompani Orheim, vanskeleg familie

Den gjeve filmprisen er på 1 million svenske kroner.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE