Terje Orheim er ein møkkamann. Film om å vekse opp på åttitalet.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

– Terje Orheim er ikkje eit eindimensjonalt menneske, seier Kristoffer Joner, som speler hovudrolla, til NTB.

– Mannen har eit problem. Men det er ingen tvil om at han er glad i både kona og sonen, held han fram.

Søndag hadde «Kompani Orheim» premiere under filmfestivalen i Göteborg. 29. februar opnar den Oslo filmfestival. Deretter rullar filmen ut på kinolerret etter kinolerret. Joner håpar han vil gjere noko med folk, slik historia gjorde med han.

– Altså, for å vere heilt ærleg, så har eg jo vore borti litt rus. Det kan vere nyttig å sjå litt utanfrå, seier Joner, som meiner filmen viser korleis dei utanfor reagerer på eit altfor høgt alkoholinntak, og korleis slike problem pregar ein heil familie.

– Terje Orheim klarer ikkje heilt å sjå sin eigen galskap. Det kan vere nyttig å stoppe opp og tenkje gjennom at kanskje andre oppfattar deg annleis enn du oppfattar deg sjølv, når du står midt oppi det, seier Joner.

Far-son
Nettopp det vanskelege forholdet mellom far og son trigga også regissør Arild Andresen då han bestemte seg for å lage filmen.

– Forholdet greip meg, seier Arild Andresen som las boka til Tore Renberg i 2005.

– Eg tende med ein gong og ringde og sjekka om nokon hadde planlagt filming. Eg berre måtte lage filmen, seier han til NTB.

Dermed vart filmen til – og innimellom kom Andresens prislønte «Keeperen til Liverpool». Så filmen om kompaniet Orheim var faktisk påtenkt før Keeperen. Men det tok tid å lage han. Ikkje minst tok det tid å finne dei rette skodespelarane. Til slutt vart då 14 år gamle Vebjørn Enger vald til å bli til unge Jarle, medan Kristoffer Joner er faren i huset.

Kjem til kort
«Kompani Orheim» er ein film om oppvekst på 80-talet. Om ein far som så gjerne vil, som elskar draumen om familien som eit fellesskap, men som slett ikkje får det til. I sentrum står unge Jarle som midt oppi krisa til faren og foreldra, modnast, blir politisk engasjert, forelskar seg og gjer opprør på fleire plan.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Men korleis kan ein då 14 år gammal gut utan teatererfaring klare å gå inn i rolla som unge Jarle? No 15 år gamle Vebjørn Enger trur at det hjelpte at filmen er lagt til 1980-talet og at han måtte ha ei anna frisyre og andre kle på settet.

– Då vart eg Jarle Orheim og ikkje Vebjørn Enger, seier han.

Han seier også at regissøren, Arild Andresen, var oppteken av at han skulle finne sin eigen stil som Jarle, og ikkje tenkje på korleis Rolf Kristian Larsen spelte Jarle i «Mannen som elsket Yngve» og «Jeg reiser alene», dei to andre filmane som er laga basert på bøkene til Tore Renberg.

– Eg fekk gode instruksjonar. Og eg kunne jo kjenne meg att i mykje av det filmen handlar om, som damer og forelsking og kjærleik, sjølv om eg sjølv ikkje har det same dilemmaet med foreldre som det Jarle i filmen har, seier Vebjørn Enger til NTB.

Trampeklapp
Arild Andresen presiserer også at «Kompani Orheim» er ein film som står heilt på eigne bein, uavhengig av dei to filmane som har kome tidlegare.

– Dette er ei historie om då Jarle framleis heitte Jarle Orheim. Om ein middelklassefamilie som prøver å vere ein vanleg middelklassefamilie, men som ikkje heilt får det til. Og om ei tid som vi har prøvd å skildre så autentisk som mogleg. Om forelsking og om ungdom som brenn for

antirasisme og brukar palestinaskjerf. Men først og fremst er det eit familiedrama, seier Andresen.

Søndag vart han og skodespelarane Joner og Enger hylla av publikum etter at filmen hadde internasjonal premiere under Filmfestivalen i Göteborg.

Og faktisk kan «Kompani Orheim» få ein pris alt før han har hatt premiere på norske kinoar. Filmen er nominert til den nordiske prisen i Göteborg og kan vinne 1 million kroner komande laurdag. Men Andresen forsikrar at det ikkje er så viktig for han om filmen vinn.

– Det var veldig hyggeleg å bli invitert hit. Og det viktigaste er at vi får vist filmen for folk her i Göteborg, seier regissøren til NTB.

Ta bok-blir-film-quizen vår her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE