Fanga fridom med linsa

Nesten 200 bidrag kom inn til 161 års-dagen til Arne Garborg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nasjonal Garborgsenter arrangerte fotokonkurranse med tema "fridom" i samband med Garborgdagane i helga.

Ti bilete i kvar aldersklasse vart plukka ut til utstillinga. 234 menneske stemte.

– Me er veldig nøgde med at så mange deltok, og stemte, seier utstillingsleiar Gunhild Hammeraas til Framtida.no.

Vinnarane vart:
0-14 år: Hallgeir Braut
15-25 år: Tina Hetland
26 år og eldre: Frode Risan

Hallgeir Braut kunne fortella at han hadde manipulert biletet på iPaden sin.

Han tok eit syltetøyglas, øydela loket og fotograferte det. Så sette han inn bia og splintane etterpå. I lag med dei andre gruppevinnarane får han biletet sitt trykt på pleksiglas 50x70cm.

Som hovudvinnar fekk Hallgeir i tillegg eit speglreflekskamera.

Her er biletet som vann i klassa 26 år og eldre. Fotograf: Frode Risan.

Tina Hetland vann i klassa for dei mellom 15 og 25 år.

Finalebileta blir hengande på Garborgsenteret/Time bibliotek inntil vidare. Dei andre innsendte bidraga vert vist på skjerm.

LES OGSÅ: Verdas beste naturfoto