Nordmenn meir aleine

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser den nyaste Tidsbrukundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå.

Tala viser at menn er ein halv time meir aleine enn kvinner gjennom eit døgn, medan barn og unge er minst aleine. Aleinetida, som inkluderer tida vi søv, har auka i alle aldersgrupper alle dagar i veka, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Når vi er meir aleine, er vi naturleg nok også mindre saman med andre. Personar i aldersgruppa 9-15 år og 16-24 år er mest saman med personar utanom sin eigen heim, og for begge desse gruppene er tida saman med andre godt over seks timar.

LES OGSÅ: Vetle kan gi deg fleire venner

Medan 9-15-åringene er saman med berre hushaldsmedlemmer i nærmare tre og ein halv time, brukar 16-24-åringene berre omtrent to timar av døgnet på det same. Tida saman med andre minkar jo eldre ein blir. Folk mellom 67 og 74 år er mindre enn to og ein halv time saman med andre i løpet av eit døgn.

Sovnar seinare
Det har vore ein tendens til at vi sovnar seinare på kvelden. I same periode er fjernsynssjåinga vorte meir spreidd utover døgnet.

Laurdag føremiddag mellom klokka 11.30 og 12.00 er den perioden i uka som i størst grad er avsatt til hushaldsarbeid, utenom innkjøp. Då utfører tre av ti denne aktivitetar av dette slaget.

Elles kjem det fram at mødre er over to timar meir saman med eigne born under tre år, enn fedrene. Etter kvart som borna blir eldre blir det jamnare fordelt. Når borna er 13 til 17 år, er fedre tre timar med borna sine i døgnet. Mødrene nokre minuttar meir.

LES OGSÅ: Meir samanvovne enn rekna med